Hopp til innhald. Hopp til søk.
Til framsida.
Din vegvisar i det offentlege.
Bokmål | Nynorsk | Sámegiella | English
Aktuelt |  Temaoversikt |  Ditt nærområde |  Finn myndigheit |  Spør oss |  Miside |  
MinID

[            ]  Søk 

  • Til framsida
  • Nettstadskart

Tema A-Å

A B D E F G H I J K L M N O P R S T U V Y Ø Å

Finn du ikkje fram i det offentlege?

  • Spør oss direkte på nettet og få svar med ein gong!
  • Ring oss på grønt nummer 800 30 300
  • Send oss e-post, SMS eller brev.

  • Ofte stilte spørsmål til Noreg.no
  • Nyheiter og informasjon får du òg frå vår døgnopne taleportal Ring 800 30 301

Ofte Stilte Spørsmål

[dok]
  • Arbeidsgjevar                 • Køyretøy                
  • Arbeidssøking                • Leige bustad              
  • Arbeidstakar                  • Namn                      
  • Arv                           • Næringsskatt             
  • Barnevern og familievern      • Næringsverksemd          
  • Bustad og eigedom             • Omsorg og sosiale tenester
  • Butilbod og omsorgstilbod     • Pasientrettar             
  • Byggje                        • Pass og legitimasjon      
  • Dødsfall                     • Pensjonar                 
  • Erstatningsordninger          • Personskatt               
  • Etablering                    • Politisaker               
  • Familie                       • Religion og livssyn       
  • Flytte                        • Rettslege spørsmål      
  • Forbrukar                     • Samfunn                   
  • Førebyggjande helsearbeid    • Samliv                    
  • Foreldre og barn          • Skattar og avgifter       
  • Forvaltning og styringsverk    • Skule og utdanning        
  • Fri rettshjelp               • Trafikant                 
  • Fritid                       • Trafikk                  
  • Grunnskule                     • Val                       
  • Helsetenester                • Vidaregåande opplæring  
  • Høgare utdanning                  • Vaksenopplæring          
  • Kjøpe bustad                 • Økonomiske ytingar       

Arbeidsgjevar.

Kor mange er tilsette i staten?

129 105 personar var tilsette i det statlege tariffområdet i 2006. Dette talet finn du
i brosjyren Lommestatistikk for statsforvaltninga 2007 som mellom anna inneheld talet
på tilsette frå 1993 til 2006, prosentdel kvinner, aldersfordeling, sjukefråvær, lønn,
tal leiarar m.m. Statistikken omfattar alle statlege verksemder der arbeidstakarane får
lønns- og arbeidsvilkår fastsette etter staten sitt lønnsregulativ.

Statistikken omfattar ikkje tilsette i statlege føretak, statlege aksjeselskap,
statlege stiftelsar og andre organisasjonar som staten eig. Tala omfattar i hovudsak
heller ikkje statlege toppleiarar og dommarar.

Kvar finn eg forslag til standard arbeidsavtale?

Du finn forslag til standard arbeidsavtale på nettsidene til Arbeidstilsynet. Avtalen
finst på ni språk i tillegg til nynorsk og bokmål.

Gå til toppen

Arbeidssøking.

Kvar kan eg finne informasjon om au pair-ordninga?

UDI har informasjon om au pair-ordninga på nettsidene sine. Der finn du mellom anna
informasjon om kven som kan få arbeidsløyve, krav til vertsfamilien og korleis ein kan
søkje. Au pairen skal ha ein skriftleg arbeidsavtale som regulerer arbeidstida og gjev
au pairen visse rettar, som rett til minimumslønn og høve til å delta i norskopplæring
betalt av vertsfamilien. Les meir om dette i eit rundskriv frå UDI .

Kvar kan eg få rettkjende kopiar av vitnemål og attestar?

Rettkjende kopiar skal vere stempla og signerte av eit kopieringsbyrå eller tilsett ved
eit offentleg kontor (skule, kommunalt kontor, politikammer osb). Stempelet skal vise
kvar kopien er rettkjend. Ver merksam på at offentlege kontor ikkje er pålagde å utføre
denne oppgåva. I samband med jobbsøknader kan ei alternativ løysing vere å sende
vanlege kopiar med søknaden og ta originalane med til eit eventuelt intervju. Gjeld det
opptak til utdanning, finn du utfyllande informasjon på nettsidene til Samordna opptak.


Gå til toppen

Arbeidstakar.

Eg har fått ei usakleg oppseiing frå arbeidsgjevaren min. Kva bør eg gjere?

På nettsidene til Arbeidstilsynet finn du ei oversikt over kva du bør gjere når du har
fått ei usakleg oppseiing .

Har eg krav på feriepengar?

Informasjon om rettar i arbeidsforholdet finn du på denne faktasida fra
Arbeidstilsynet. Du kan også kontakte Arbeidstilsynets svarteneste på e-post eller
telefonnummer 815 48 222.

Har eg rett til å få overført delar av ferien min til neste år?

Du kan avtale å overføre inntil to vekers ferie til neste ferieår (kalenderår), men du
har ikkje krav på dette. Dersom sjukdom hindrar deg i å avvikle ferien innan ferieåret
er omme, kan du som arbeidstakar krevje å få overført inntil to vekers ferie til neste
år. Eit slikt krav må du fremje før året er omme.

Arbeidstakarar som har avtalefesta fem vekers ferie, kan overføre to veker pluss fire
arbeidsdagar til neste ferieår. Ferie som ikkje er avvikla og ikkje er overført til
neste ferieår, fell bort.

Du finn meir informasjon om avvikling av ferie på Arbeidstilsynet sine faktasider om
ferie . Har du fleire spørsmål om ferie, kan du kontakte svartenesta til
Arbeidstilsynet .

Har eg rett til å gå heim når det er særs varmt på arbeid?

Du har ikkje rett til å gå heim frå arbeidet. Dersom du ønskjer pausar, forskyvd
arbeidstid, eller eventuelt å avbryte arbeidet, må du avtale dette med arbeidsgjevaren.

Lov eller forskrifter inneheld ingen faste temperaturgrenser, men Arbeidstilsynet
tilrår at temperaturen blir halden under 22°C ved fysisk lett innearbeid i periodar med
oppvarmingsbehov. Temperatur under 19° eller over 26° skal ein unngå.

Les meir om varme og kulde på jobben på faktasidene til Arbeidstilsynet.

Har eg rett til å vere heime med eit sjukt barn?

Den einskilde arbeidstakaren har rett på opptil 10 dagar permisjon med lønn pr. år til
og med det året barnet fyller 12 år. Dersom du er åleine om omsorga for barnet, har du
rett på opptil 20 dagar. Har du fleire enn to barn har du rett på opptil 15 dagar.
Dersom du har eit kronisk sjukt barn, har du utvida rettar. Reglane finst i 
arbeidsmiljølova § 12-9 og folketrygdlova § 9-6 .

Kor mange er tilsette i staten?

129 105 personar var tilsette i det statlege tariffområdet i 2006. Dette talet finn du
i brosjyren Lommestatistikk for statsforvaltninga 2007 som mellom anna inneheld talet
på tilsette frå 1993 til 2006, prosentdel kvinner, aldersfordeling, sjukefråvær, lønn,
tal leiarar m.m. Statistikken omfattar alle statlege verksemder der arbeidstakarane får
lønns- og arbeidsvilkår fastsette etter staten sitt lønnsregulativ.

Statistikken omfattar ikkje tilsette i statlege føretak, statlege aksjeselskap,
statlege stiftelsar og andre organisasjonar som staten eig. Tala omfattar i hovudsak
heller ikkje statlege toppleiarar og dommarar.

Kvar finn eg forslag til standard arbeidsavtale?

Du finn forslag til standard arbeidsavtale på nettsidene til Arbeidstilsynet. Avtalen
finst på ni språk i tillegg til nynorsk og bokmål.

Kvar finn eg informasjon om lønnsgarantiordninga?

Du finn informasjon om lønnsgarantiordninga på nettsidene til Arbeidstilsynet.
Lønnsgarantien skal sikre at du får utbetalt lønn, feriepengar osv. som du påviseleg
har til gode, men som arbeidsgivaren ikkje er i stand til å betale.

Kvar finn eg lønnstabellen for arbeidstakarar i staten?

Du finn hovudlønnstabellen for arbeidstakarar i staten på nettsidene til Fornyings- og
administrasjonsdepartementet.

Kvar finn eg skjema for reiserekning?

Den elektroniske reiserekninga (for Statens reiseregulativ) ligg ute på nettsidene til
Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Du kan òg laste ned skjema for reiserekning
i Word eller Pdf-format frå Statlige elektroniske blanketter. Sjå vidare under FAD og
Statens fellesblanketter.

Kvar finn eg statens satsar for reiser i jobbsamanheng?

Du finn særavtale for reiser innanlands for statens rekning på nettsidene til
Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Der finn du også særavtale for reiser
utanlands for statens rekning og utanlandsregulativet med satsar for nattillegg og
kostgodtgjersle.

Gå til toppen

Arv.

Er det utforma skjema for testament?

Det finst ikkje eit eige skjema eller formular for testament. Men du kan finne forslag
til utforming av testament ved hjelp av ein søkemotor. JURK har utarbeidd forslag til
utforming av gjensidig testament . I andre del av arvelova - arv etter testament finn
du informasjon om korleis eit testament skal setjast opp.

Kva er det årlege fribeløpet for gåver til nærståande?

Kvart år kan du avgiftsfritt gje gåver til nærståande tilsvarande halvparten av
grunnbeløpet i folketrygda (1/2 G). Gåver til nærståande er i utgangspunktet
avgiftspliktige. Men det er ein del unntak for avgiftsplikta. I denne brosjyren frå
skatteetaten finn du meir informasjon om kva gåver og ytingar du kan gje til nærståande
utan at den som får gåva eller ytinga må betale arveavgift av ho. Ta kontakt med
skattekontoret dersom du ønskjer meir informasjon.

Storleiken på grunnbeløpet finn du på nettsidene til Nav.

Kva må til for at eit testament skal vere gyldig?

Testament treng ikkje tinglysast, men arvelova set visse krav til korleis eit testament
blir oppretta. Eit vanleg skriftleg testament må vere underskrive samstundes av
testator og to testamentsvitne. Vitna må ikkje vere i slekt med eller ha nær tilknyting
til nokon som blir tilgodesedd i testamentet. Du finn meir informasjon om kva for
testament som er gyldige i arvelova del 2 - arv etter testament.

Kvar finn eg adresse og telefonnummer til konfliktrådet?

Du finn ei oversikt over konfliktråda i landet på nettsidene til konfliktrådet.

Alle kan ta kontakt med konfliktrådet for å få hjelp og rettleiing. Tenesta er gratis
og blir tilbydd i alle kommunane i landet. Det er uforpliktande for dei som tek
kontakt, og konfliktrådet har teieplikt.

Konfliktrådet hjelper å løyse tvistar ved mekling. Nabokonfliktar, familietvistar og
saker knytt til arbeidsforhold, underslag, arv og skifte er døme på saker konfliktrådet
kan hjelpe med .

Kvar kan eg finne informasjon om arv og skifte?

Du finn informasjon om dødsfall og arv på Domstol.no og om arv på nettsidene til
Justis- og politidepartementet. Ønskjer du meir informasjon eller rettleiing om korleis
du skal gå fram i slike saker, kan du kontakte tingretten/byfuten . På Noreg.no finn du
kva tingrett du høyrer til og ei temaside om arv.

Kvar kan eg finne satsane for arveavgift?

Du finn satsane for arveavgift på nettsidene til skatteetaten. Her finn du også
generell informasjon om avgift på arv og gåver. Har du spørsmål om arveavgift, kan du
kontakte nærmaste skattekontor.

Kvar kan eg få kopi av ein dødsattest?

For å få kopi av ein dødsattest kan du kontakte tingretten/byfuten for den kommunen
vedkommande budde i.

Du finn meir informasjon om meldingsgangen ved dødsfall på nettsidene til Statistisk
sentralbyrå.

Gå til toppen

Barnevern og familievern.

Kvar finn eg kontaktinformasjon til familiekontoret?

Dersom du er busett i Oslo, kan du finne ut kva familiekontor du høyrer til under ved å
sjå i denne oversikta frå fylkesmannen.no.

Er du busett andre stader i landet, kan du søke i denne lista frå bufdir.no.

Kven kan få valdsalarm og korleis?

Har du vore eller er utsett for vald eller alvorlege trugsmål, bør du melde frå til
politiet. Politiet skal då vurdere behovet for vernetiltak. Aktuelle tiltak kan vere å
utstyre deg med mobil valdsalarm som varslar politiet når du utløyser han. Andre tiltak
kan vere besøksforbod og vern av personopplysningar. Les meir om familievald på
nettsidene til politiet, og kontakt politiet på telefon 02800 for å få nærmare
opplysningar.

Gå til toppen

Bustad og eigedom.

Finst det eigedomsinformasjon på Internett?

Statens kartverk har laga eit oversyn over nettstader med eigedomsinformasjon.

Sjølve GAB-databasen er ikkje tilgjengeleg på Internett. Treng du som privatperson 
GAB-informasjon skal du kontakte den aktuelle kommunen eller Statens kartverk.


Kva er GAB og kvar får eg tak i GAB-informasjon?

GAB står for Grunneiendom-, Adresse- og Bygningsregisteret, og er Noreg sitt offisielle
register for informasjon om desse objekta.

Sjølve GAB-databasen er ikkje open tilgjengeleg på Internett. Treng du som privatperson
GAB-informasjon, skal du kontakte den aktuelle kommunen eller Statens kartverk. Ver
merksam på at lovverket set grenser for kva opplysningar som kan bli utleverte.


Kvar får eg informasjon om bustadnummer og adressemerke?

Ta kontakt med kommunen. Du finn også informasjon om bustadnummer på nettsidene til
Statens kartverk.

Bustadnummeret gjev husværet ditt ei adresse som berre det har. Bustadnummeret består
av ein bokstav og fire tal. Det står på eit adressemerke som skal vere klistra på
innsida av dørkarmen på ytterdøra di. Bokstaven og de to første tala seier kva etasje
husværet ligg i, og dei to siste kva nummer husværet har i etasjen, rekna frå venstre
mot høgre.

Kvar får eg tak i bustadattest ("bostedsbevis")?

Treng du bustadattest, t.d. for å stadfeste sambuarskap eller butid i Noreg, kan du
tinge dette frå skattekontoret.

Kvar kan eg finne informasjon om tomtefestelova?

Du finn tomtefestelova på lovdata.no. På nettsidene tilJustis- og politidepartementet
finn du ei rettleiing om regulering av festeavgift.

Treng du vidare hjelp til å tolke lova og forskriftene, kan du kontakte 
Tomtefesterforbundet, Grunneierforeningen eller Huseiernes Landsforbund. Desse
organisasjonane yter juridisk hjelp til medlemmene sine.

Kven skal eg kontakte for å få tinglyst eit dokument?

Fast eigedom skal tinglysast hos Statens kartverk i Hønefoss.

Ektepakter og hefte i lausøyre skal tinglysast i Brønnøysundregistra.

Gå til toppen

Butilbod og omsorgstilbod.

Blir formuen rekna med når eigenbetalinga for opphald på sjukeheim blir fastsett?

Vederlaget for opphald i kommunale institusjonar blir rekna ut på grunnlag av inntekta.
Eventuelle renter av formue blir rekna som inntekt, medan sjølve formuen ikkje blir
teken med i grunnlaget for utrekninga av vederlaget. Det blir heller ikkje
lotterigevinst eller gevinst ved sal av bustad. Reglane finn du i 'Forskrift om
vederlag for opphold i institusjon'.

Ønskjer du meir informasjon, kan du ta kontakt med kommunen eller Fylkesmannen.

Har eg rett til bustønad og når er fristen for å søkje?

Du kan søkje om bustønad dersom husstanden din har låge inntekter og høge buutgifter.
På nettsidene til Husbanken finn du informasjon om bustønadsordninga , og du kan rekne
ut kor stor bustønaden vert . Du finn også informasjon om tilskot og lån til bustad- og
bygningsrelaterte føremål frå Husbanken.

Fristen for å søkje om bustønad er den 14. i kvar månad. Utbetalinga skjer den 10. i
den etterfølgjande månaden.

Søknad om bustønad skal sendast til sosialkontoret (ev. bustønadskontoret) i kommunen 
din. I Oslo sender du søknaden til bydelen din. Du kan sende søknaden via Internett
eller skrive ut søknadsskjema frå nettsidene til Husbanken.

Korleis klagar eg på eit avslag på bustønad?

Klage på avslag på søknad om bustønad skal du sende til bustønadskontoret i kommunen
din. Fristen er 3 veker frå den dagen du fekk vedtaket. Saksbehandlaren din i kommunen
kan hjelpe deg å klage.

På nettsidene til Husbanken finn du meir informasjon om klage på bustønadsvedtak .

Korleis klagar eg på eit avslag på hjelp og avlastning?

Klage på eit avslag på søknad om hjelp og avlastning skal du sende til kommunen som har
avslege søknaden. Du kan også klage dersom kommunen berre delvis har innvilga søknaden
eller stetta søknaden på ein annan måte enn det du ønskte.

Kommunen skal alltid grunngi avslaget, mellom anna med kva fakta som kommunen meiner
var avgjerande for at søknaden vart avslegen.

På nettsidene til Statens helsetilsyn finn du informasjon om kva som skal takast med i
klaga og korleis du kan klage vidare dersom kommunen ikkje endrar vedtaket.

Korleis klagar eg på eit avslag på sjukeheimsplass?

Klage på eit avslag om sjukeheimsplass skal du sende til kommunen som har avslege
søknaden. Du kan også klage dersom kommunen berre delvis har innvilga søknaden eller
stetta søknaden på ein annan måte enn det du ønskte.

Kommunen skal alltid grunngi avslaget, mellom anna med kva fakta som kommunen meiner
var avgjerande for at søknaden vart avslegen.

På nettsidene til Statens helsetilsyn finn du informasjon om kva som skal takast med i
klaga og korleis du kan klage vidare dersom kommunen ikkje endrar vedtaket.

Kven har rett til omsorgslønn og kvar søkjer eg?

Omsorgslønn er ei kommunal betaling til pårørande eller frivillige omsorgsytarar med
omsorg for personar som har stort omsorgsbehov på grunn av alder, funksjonshemming
eller sjukdom. Hjelpa må ytast i eigen heim.

Ingen har vilkårslaus rett til omsorgslønn, men kommunen har plikt til å ha ei slik
ordning. Du finn meir informasjon om omsorgslønn på nettsidene til
Helsetilsynet og i rundskriv om omsorgsløn .

Søknad skal sendast til kommunen .

Gå til toppen

Byggje.

Har eg rett til bustønad og når er fristen for å søkje?

Du kan søkje om bustønad dersom husstanden din har låge inntekter og høge buutgifter.
På nettsidene til Husbanken finn du informasjon om bustønadsordninga , og du kan rekne
ut kor stor bustønaden vert . Du finn også informasjon om tilskot og lån til bustad- og
bygningsrelaterte føremål frå Husbanken.

Fristen for å søkje om bustønad er den 14. i kvar månad. Utbetalinga skjer den 10. i
den etterfølgjande månaden.

Søknad om bustønad skal sendast til sosialkontoret (ev. bustønadskontoret) i kommunen 
din. I Oslo sender du søknaden til bydelen din. Du kan sende søknaden via Internett
eller skrive ut søknadsskjema frå nettsidene til Husbanken.

Kven kan få startlån og kor søkjer eg?

Personar som ikkje får lån frå private bankar eller som manglar eigenkapital, til dømes
unge i etableringsfasen, barnefamiliar, einslege forsørgjarar, funksjonshemma eller
flyktningar, kan søkje om startlån. Husbanken har utfyllande informasjon om startlån


Søknaden skal sendast til eigen kommune/bydel. Nokre kommunar tilbyr elektronisk
søknadskjema, dei andre bruker søknadskjema til nedlasting (PDF). Det er opp til
kommunen å vurdere om det skal innvilgast startlån og kor stort lånet blir.

Korleis kan eg finne fram til godkjende fagfolk når eg treng handverkar?

Godkjende handverkarar med meisterbrev kan du finne ved å søkje i Mesterregisteret . På
forbrukarsidene til mesterbrev.no får du tips ved val av handverkar, og informasjon om
kva meisterbrev er.

Gode råd ved bruk av handverkar og oversyn over kva rettar lovverket gjev deg, finn du
på forbrukarportalen.no.

Kan eg føre opp mindre bygg (til dømes ein garasje) utan å søkje om byggjeløyve?


Du kan gjennomføre mindre tiltak på bebygd eigedom dersom naboar er varsla, og dei
ikkje krev at du skal søkje om løyve. Du må også sende melding om tiltaket til
kommunen. Dei har 3 veker på seg til å eventuelt stille krav om at du søkjer
byggeløyve. Les også om dette i § 86 a i plan- og bygningslova.

Gå til toppen

Dødsfall.

Har eg rett til fri frå arbeid for å gå i gravferd?

Det er ingen lovbestemt rett til fri frå arbeidet for å gå i gravferd. Dei lovbestemte
rettane til fri frå arbeid finn du i arbeidsmiljølova, kapittel 12 Rett til permisjon .
Fri frå arbeidet i samband med gravferd må derfor anten vere avtalefesta i tariffavtale
eller lokalt permisjonsreglement, eller avtalast direkte med arbeidsgjevar.

Kvar finn eg informasjon om gravferdsseremoniar?

Informasjon om gravferd i regi av Den norske kyrkja finn du på kyrkja.no . Ønskjer du
ein gravferdsseremoni utan religiøst innhald, kan du velje humanistisk gravferd.

Kvar kan eg få kopi av ein dødsattest?

For å få kopi av ein dødsattest kan du kontakte tingretten/byfuten for den kommunen
vedkommande budde i.

Du finn meir informasjon om meldingsgangen ved dødsfall på nettsidene til Statistisk
sentralbyrå.

Gå til toppen

Erstatningsordninger.

Kva ansvar har eg som forelder dersom barnet mitt gjer skade på andre sin eigedom?

Barn og unge under 18 år har plikt til å erstatte skade som dei er årsak til med
forsett eller uaktsamt. Foreldra må svare med inntil kr 5 000 for kvar enkelt
skadehandling barnet gjer. Dei fullstendige reglane om dette finn du i lov om
skadeserstatning.

Kvar finn eg invaliditetstabellen?

Arbeids- og inkluderingsdepartementets invaliditetstabell er ein del av Forskrift om
menerstatning ved yrkesskade.

Gå til toppen

Etablering.

Kvar kan eg få informasjon om etablering av eiga bedrift?

Du finn informasjon om å starte eiga bedrift i Etablerarguiden fra Bedin. For å få
hjelp på direkten kan du kontakte Narviktelefonane på telefon 800 33 840 eller på 
nettprat.

Du finn svar på de vanlegaste spørsmåla om reglar for å starte og drive eiga bedrift på
hjelp til regelverk på altinn. Finn du ikkje svar på nettsidene, kan du sende spørsmål
 på e-post.

Gå til toppen

Familie.

Kor store utgifter har ein familie til mat og klede?

I SIFOs standardbudsjett finn du kor store dei alminnelege forbruksutgiftene er for
ulike typar husholdningar. Her er det t.d. ei oversikt over kor store utgifter ein må
rekne med til mat og drikke, klede og sko for barn og unge i ulike aldrar.

Kvar finn eg adresse og telefonnummer til konfliktrådet?

Du finn ei oversikt over konfliktråda i landet på nettsidene til konfliktrådet.

Alle kan ta kontakt med konfliktrådet for å få hjelp og rettleiing. Tenesta er gratis
og blir tilbydd i alle kommunane i landet. Det er uforpliktande for dei som tek
kontakt, og konfliktrådet har teieplikt.

Konfliktrådet hjelper å løyse tvistar ved mekling. Nabokonfliktar, familietvistar og
saker knytt til arbeidsforhold, underslag, arv og skifte er døme på saker konfliktrådet
kan hjelpe med .

Kvar finn eg kontaktinformasjon til familiekontoret?

Dersom du er busett i Oslo, kan du finne ut kva familiekontor du høyrer til under ved å
sjå i denne oversikta frå fylkesmannen.no.

Er du busett andre stader i landet, kan du søke i denne lista frå bufdir.no.

Gå til toppen

Flytte.

Kven har plikt til å melde flytting?

Alle som flyttar innan kommunen, mellom norske kommunar, eller til Noreg frå utlandet
eller til utlandet, pliktar å gje melding til folkeregisteret. Folkeregisteret er ein
del av skattekontoret. Alle i familien eller husstanden må melde flytting.

Det gjeld spesielle reglar mellom anna for skuleelevar, studentar, vernepliktige og
einslege pendlarar. Ta kontakt med skattekontoret for å få informasjon.

Flyttar du frå Noreg til eit anna nordisk land , skal du melde dette direkte til
folkeregistermyndigheitene i innflyttingslandet. Du treng ikkje lenger melde utflytting
til det norske folkeregisteret.

Alle som stiller husværet sitt til disposisjon for andre, skal melde frå om dei som
flytter til eller frå husværet. Dersom du har forsikra deg om at den som flytter sjølv
har levert flyttemelding, treng du ikkje melde frå.

Du finn meir informasjon om å melde flytting på nettsidene til skatteetaten. Der finn
du også skjema og lenkje til levering av flyttemelding på nett .

Kvar finn eg informasjon om flytting i Norden?

Internettportalen www.hallonorden.org har informasjon til dei som skal flytte til eit
anna nordisk land. Portalen vender seg både til privatpersonar, næringsliv og
myndigheiter. På Hallo Norden finn du mellom anna hugseliste ved flytting i Norden og
oversikt over offentlege myndigheiter som arbeider med flyttespørsmål. Du kan også 
sende spørsmål til Hallo Norden.

Den nordisk trygdeportalen, www.nordsoc.org , gjev informasjon om trygdereglane for
personar som bur, arbeider eller studerer i eit anna nordisk land. Du finn informasjon
om kva for eit land sine lovreglar som gjeld i ulike situasjonar og kva trygdeytingar
du kan ha rett til.

Nordisk ministerråd står bak Hallo Norden-portalen, medan trygdemyndigheitene i dei
nordisk landa har laga trygdeportalen.

Kan eg ha ulik bustadadresse og postadresse i folkeregisteret?

Ja, det kan du. Den beste måten å få ordne dette på, er å å sende eit vanleg brev
(ikkje flyttemelding) til folkeregisteret ved skattekontoret . Skriv kva postadresse du
ønskjer å ha oppført, og forklar at du skal stå oppført med den bustadadressa du alt
har.

Korleis kan eg registrere meg som pendlar?

Du vert rekna som pendlar når du på grunn av jobb må pendle mellom heim og bustad på
arbeidsstaden. For å bli vurdert som pendlar må du i tillegg til å sende flyttemelding
leggje ved ei grunngjeving for at du skal vere registrert som pendlar. Flyttemeldinga
skal sendast til skattekontoret ditt (folkeregisteret er ein del av skattekontoret). 
Les meir om pendlarar i brosjyren frå skatteetaten. Skattekontoret kan gje nærmare
informasjon.

Kvar får eg tak i bustadattest ("bostedsbevis")?

Treng du bustadattest, t.d. for å stadfeste sambuarskap eller butid i Noreg, kan du
tinge dette frå skattekontoret.

Kvar melder eg flytting?

Du kan melde flytting over Internett eller levere flyttemelding på papir. Flyttemelding
på papir skal sendast til folkeregisteret som er ein del av skattekontoret . Alle som
flytter innan kommunen, mellom norske kommunar, eller til Noreg frå utlandet eller til
utlandet, pliktar å sende flyttemelding.

Du må sende melding til skattekontoret innan 8 dagar etter flytting. På nettsidene til
skatteetaten finn du meir informasjon om flytting og blankett for melding om flytting.

Gå til toppen

Forbrukar.

Finst det offentlege register over kredittopplysingar om privatpersonar?

Det finst ikkje offentlege register over betalingsmerknader om privatpersonar.
Kredittvurdering av privatpersonar blir utført av private firma. Det er berre det
firmaet som har utført kredittvurderinga som kan bruke opplysningane, og ein skal få
skriftleg melding kvar gong opplysningane blir brukte. Det er det aktuelle firmaet som
også kan rette opp feilaktige opplysningar. Du finn ei liste over firma som har
konsesjon til å drive kredittopplysningsverksemd på nettsidene til Datatilsynet.

Du kan finne meir informasjon i spørsmål og svar om kredittopplysning på nettsidene til
Datatilsynet. Der finn du også bransjenorma for inkasso som Norske Inkassobyråers
Forening har laga.

Har eg rett til å få byte inn ei gåve eg har fått?

Byterett er ikkje regulert ved lov. Retten til byte kan anten avtalast med seljaren,
eller retten følgjer av sedvane eller annan praksis i bransjen. I ein relativt kort
periode etter jul er det sedvane å gi byterett for dei fleste varer.

Sjølv om det elles er sedvane for byterett, må du godta at vara ikkje kan bytast dersom
du blir informert om dette ved kjøpet. At vara ikkje kan bytast, kan gå fram av
emballasjen, oppslag i butikken eller på annan måte. Det kan vere lurt å be om eit
bytekort når du handlar, sjølv om det er sedvane for byterett. Du kan då unngå problem
i ettertid.

Du kan byte vare mot vare. Vara som du ønskjer å byte må vere ubrukt og utan skadar.
Dersom du ønskjer å byte vara, bør du gå tilbake til butikken så snart som råd. Som
hovudregel kan du berre krevje å få byte vara i same butikk/kjede som vara blei kjøpt.
Seljaren kan nekte deg å byte varer som er kjøpte til ordinær pris i varer som er på
sal eller tilbod. På nettsidene til Forbrukarrådet, forbrukerportalen.no, finn du
informasjon om kva rettar du har ved byte av varer. Her finn du også lenkjer til lover
og reglar på dette området.

Dersom det viser seg at du har kjøpt ei vare som har manglar, har du rettar etter
forbrukerkjøpslova. Du har då rett til å få prisavslag, ny vare eller å få heva kjøpet,
alt etter om mangelen er vesentleg eller ikkje. Du kan også krevje at seljaren
reparerer vara utan kostnader for deg. Seljaren har elles rett til å prøve å reparere
vara før han gir deg ei ny.

Les om varer med manglar på nettsidene til Forbrukarrådet. Her finn du også informasjon
om rettane dine ved kjøp via postordre, telefon, Internett m.m.

Kva er rentesatsen for forseinkingsrenta?

Rentesatsen for forseinkingsrenta (morarenta) er frå 1. juli 2009 fastsett til 8,25
prosent. Forseinkingsrenta er ei strafferente du kan bli kravd for dersom du betalar
rekningane dine for seint.

Les meir om forseinkingsrenta på nettsidene til Finansdepartementet. Her finn du også
ein kalkulator for berekning av forseinkingsrenta. Forseinkingsrentelova finn du på
Lovdata.

Det er Finansdepartementet som kvart halvår fastset rentesatsen, med verknad frå
respektive 1. januar og 1. juli. Satsen skal vere styringsrenta til Noregs Bank ,
tillagt minst 7 prosentpoeng. Noreg følgjer med dette opp eit EU-direktiv om forseinka
betaling.

Eg får uønskt reklame på e-post. Kva kan eg gjere for å stoppe dette?

Frå 1. februar 2005 vart det forbode å sende ut reklame til fysiske personar via e-post
utan å innhente samtykkje fra mottakaren på førehand. Får du slik uønskt reklame frå
næringsdrivende i Noreg, kan du melde frå til Forbrukarombodet.

Marknadsføringslova har også tidligare slege fast at det er forbode å sende e-post til
forbrukarar utan samtykkje. Omgrepet 'fysiske personar' er innført for at ein også skal
få stoppa e-postreklame til arbeidstakarars og næringsdrivandes individuelle
e-postadresser. Tekst- og multimediemeldingar til mobiltelefon (SMS og MMS) er også
omfatta av dette regelverket. På nettsidene til Forbrukarombodet kan du finne 
informasjon om regelverket. Les også § 2b i marknadsføringslova eller kontakt
Forbrukarombodet dersom du ønskjer meir informasjon.

Kan eg få sperra tilgangen til spel m.m. på telefonen til barna mine?

Frå 1. juli 2008 skal alle teleselskap tilby sperreordningar til kundane sine. Dette
betyr at alle kan blokkere eller avgrense tilgangen til fellesfakturerte
innhaldstenester, slik som ringjetonar, spel og å ringje utvalde nummer.

Du finn meir informasjon om sperreordning på telefonabonnement på nettsidene til
Forbrukarrådet.

Dersom du mottek mobile innhaldstenester som du ikkje har bestilt, kan du klage. På
nettsidene til Forbrukarombodet kan du lese om korleis du skal gå fram . Der er 
Brukarklagenemnda som er klageorgan i slike saker.

Kven skal eg kontakte for å endre oppføringa i telefonkatalogen?

Ta kontakt med Eniro Norge AS for å få endre oppføringa i telefonkatalogen, anten via
nettsidene eller på telefon 815 44 448.

Kan eg reservere meg mot å få telefonkatalogen i papirformat?

Ja, du kan reservere deg mot telefonkatalogen på nettsidene til Eniro Norge AS, som er
den offisielle katalogutgjevaren til Telenor.

Kor stor er inkassosatsen?

Frå 1. januar 2009 er inkassosatsen 590 kr. Les meir om rettane dine ved inkasso på
nettsidene til Forbrukarrådet.

Kor store utgifter har ein familie til mat og klede?

I SIFOs standardbudsjett finn du kor store dei alminnelege forbruksutgiftene er for
ulike typar husholdningar. Her er det t.d. ei oversikt over kor store utgifter ein må
rekne med til mat og drikke, klede og sko for barn og unge i ulike aldrar.

Korleis får eg retta opp i feilaktige kredittopplysningar om meg?

Kredittvurdering av privatpersonar blir utført av private firma. Du må derfor kontakte
det aktuelle firmaet for å få korrigert opplysningane. Du finn ei liste over firma som
har konsesjon til å drive kredittopplysningsverksemd på nettsidene til Datatilsynet.

Sjå også spørsmål og svar om kredittopplysning på nettsidene til Datatilsynet.

Korleis kan eg finne fram til godkjende fagfolk når eg treng handverkar?

Godkjende handverkarar med meisterbrev kan du finne ved å søkje i Mesterregisteret . På
forbrukarsidene til mesterbrev.no får du tips ved val av handverkar, og informasjon om
kva meisterbrev er.

Gode råd ved bruk av handverkar og oversyn over kva rettar lovverket gjev deg, finn du
på forbrukarportalen.no.

Korleis kjem eg i kontakt med Forbrukarrådet?

Du kan ringje forbrukartelefonen, sende e-post eller ta kontakt med eit av 
regionkontora til Forbrukarrådet. På nettsidene finn du klageguide , informasjon om
rettane dine ved kjøp og varer og tenester, forslag til utforming av kontraktar med
meir.

Kvar finn eg landkodane eg treng når eg skal ringje til utlandet?

På Gule Sider finn du ei oversikt over landkodane du treng når du skal ringje til
utlandet. Du ringjer til utlandet ved å taste 00 + landkode + retningsnummer + nummeret
du vil ringje.

Kvar kan eg reservere meg mot reklame og telefonsal?

Du kan reservere deg mot adressert reklame og telefonsal i Reservasjonsregisteret ved
Brønnøysundregistra. Reserver deg via nettet eller telefonnummer 75 00 75 03. For å
unngå uadressert reklame må du fylle ut eit skjema på postkontoret. Du får då ein gul
klistrelapp til å setje på postkassen. Kontakt Posten på telefonnummer 810 00 710
dersom du ønskjer meir informasjon.

Kven kan eg ringje når det er feil på telefonen min?

Ta kontakt med det teleselskapet du er abonnent hos. Abonnentar som er tilknytta
Telenor sitt fastnett, skal melde feil på telefonnummer 145. Du finn ei oversikt over
servicetelefonane til Telenor her . På nettsidene til Post- og teletilsynet finn du ei
oversikt over registrerte tilbydarar av offentleg telenett og offentleg teleteneste .

Må eg betale toll av gåver eg får frå utlandet via posten?

Sendingar frå utlandet med gåver mellom privatpersonar er toll- og avgiftsfrie så lenge
verdien av sendinga er under 1000 kr. Men sendingar med restriksjonar eller særavgifter
(til dømes tobakksvarer eller alkoholhaldige drikkevarer) må fortollast på vanleg måte.


For varer frå utlandet er grensa for toll- og avgiftsfritak 200 kr.

Les meir om fortolling av sendingar til privatpersonar på nettsidene til Posten.

Gå til toppen

Foreldre og barn

Har eg rett til permisjon ved tilvenjing av barn i barnehage eller skule?

Det er ingen lovbestemt rett til fri frå arbeidet ved tilvenjing av barn i barnehage
eller skule. Dei lovbestemte rettane til fri frå arbeid finn du i arbeidsmiljølova,
kapittel 12 Rett til permisjon. Fri frå arbeidet i samband med skulestart eller
oppstart i barnehage må derfor anten vere avtalefesta i tariffavtale eller lokalt
permisjonsreglement, eller det kan avtalast direkte med arbeidsgjevar.

Vil du vite meir om reglane i arbeidsmiljølova om permisjon og rett til fri frå
arbeidet, kan du kontakte Arbeidstilsynets svarteneste på telefon 815 48 222.

Har eg rett til å vere heime med eit sjukt barn?

Den einskilde arbeidstakaren har rett på opptil 10 dagar permisjon med lønn pr. år til
og med det året barnet fyller 12 år. Dersom du er åleine om omsorga for barnet, har du
rett på opptil 20 dagar. Har du fleire enn to barn har du rett på opptil 15 dagar.
Dersom du har eit kronisk sjukt barn, har du utvida rettar. Reglane finst i 
arbeidsmiljølova § 12-9 og folketrygdlova § 9-6 .

Kva ansvar har eg som forelder dersom barnet mitt gjer skade på andre sin eigedom?

Barn og unge under 18 år har plikt til å erstatte skade som dei er årsak til med
forsett eller uaktsamt. Foreldra må svare med inntil kr 5 000 for kvar enkelt
skadehandling barnet gjer. Dei fullstendige reglane om dette finn du i lov om
skadeserstatning.

Korleis finn eg ut kva eg skal betale i barnebidrag?

Du finn informasjon om barnebidrag, inntektsgrenser, bidragsforskot og kva som ligg til
grunn for satsane på Nav.no. Her kan du også sjølv rekne ut bidraget. Satsane for
fastsetjing av barnebidrag blir justerte 1. juli kvart år.

Les også om fastsetjing av barnebidrag på nettsidene til Barne- og
likestilingsdepartementet.

Ta kontakt med det lokale Nav-kontoret dersom du treng meir informasjon eller hjelp til
utrekninga. Det er Arbeids- og velferdsetatens innkrevjingssentral som står for
innkrevjing og formidling av barnebidraget.

Kvar finn eg satsane for barnetrygd og kontantstøtte?

Du finn satsane for barnetrygd og kontantstøtte på nettsidene til arbeids- og
velferdsetaten, www.nav.no .

Kvar kan eg finne informasjon om au pair-ordninga?

UDI har informasjon om au pair-ordninga på nettsidene sine. Der finn du mellom anna
informasjon om kven som kan få arbeidsløyve, krav til vertsfamilien og korleis ein kan
søkje. Au pairen skal ha ein skriftleg arbeidsavtale som regulerer arbeidstida og gjev
au pairen visse rettar, som rett til minimumslønn og høve til å delta i norskopplæring
betalt av vertsfamilien. Les meir om dette i eit rundskriv frå UDI .

Gå til toppen

Forvaltning og styringsverk.

Kva er dei korrekte fargane på det norske flagget?

Fargekodane for det norske flagget ved trykk på papir er i Pantone fargesystem:
Raud: PMS 032 U
Blå: PMS 281 U

Ved bruk av av NCS-kodar svarer dette til
Raud PMS 032: S 0570-Y90R eller S 1070-Y90R
Blå PMS 281 U = S 5040-R70B eller S 6030-R70B

Proporsjonane på flagget finn du i Flagglova.

Kva er skilnaden på avgift og gebyr?

Avgifter er indirekte skattar som vert lagde på innanlandsk omsetning og import av
varer og tenester. Ei avgift kan vere generell slik som meirverdiavgifta, eller den kan
gjelde berre visse varer og tenester, såkalla særavgifter.

Når ein betalar ein indirekte skatt (avgift), har ein ikkje nokon direkte rett til
motyting i form av ei bestemt vare eller teneste. Dette til skilnad frå eit gebyr, som
er ei betaling for ei offentleg eller privat utført teneste. For offentlege tenester er
det normalt ein føresetnad at inntektene frå gebyra ikkje skal overstige kostnaden ved
å yte tenesta.

Kvar får eg tak i stortingsmeldingar, NOU-ar og brosjyrar?

Offentlege publikasjonar frå Stortinget og regjeringa, særtrykk av lover m.m. kan du få
kjøpt hos Fagbokforlaget, avdeling for offentlige publikasjoner , telefon 55 38 66 00,
e-post offpub@fagbokforlaget.no. For å bestille brosjyrar må du ta kontakt med den
etaten som gir ut brosjyren. Kontaktinformasjon til etatane finn du på www.noreg.no.

Offentlege institusjonar kan bestille brosjyrar og publikasjonar frå Servicesenteret
for departementa, 22 24 20 00, e-post publikasjonsbestilling@dss.dep.no.

Kva land er med i EØS?

EØS-avtalen omfattar EU-landa og EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein.

EØS gjev Noreg og nordmenn dei same rettane og pliktene som andre EØS-land og borgarane
deira når det gjeld handel med varer, investeringar, bank- og forsikring, kjøp og sal
av tenester, og rett til å ta arbeid, studere og bu i andre land i området. På
europaportalen.no kan du lese meir om å leve i EØS.

Kva land er med i Schengen-området?

I 2009 omfattar Schengen-avtalen desse 25 europeiske landa : Belgia, Danmark, Estland,
Finland, Frankrike, Hellas, Island, Italia, Latvia, Litauen, Luxemburg, Malta,
Nederland, Norge, Polen, Portugal, Slovakia, Slovenia, Spania, Sveits, Sverige,
Tsjekkia, Tyskland, Ungarn og Østerrike.

Liechtenstein og følgjande EU-land er førebels ikkje omfatta av Schengen-samarbeidet:
Bulgaria, Irland, Kypros, Romania og Storbritannia.

Norske borgarar bør ta med pass også på reiser innenfor Schengen-området, fordi passet
er det einaste dokumentet som tilfredsstiller internasjonale krav til
identifikasjonspapir.

Schengen-landa samarbeidar mellom anna om grensekontroll og overvaking av yttergrensene
til området. Du kan lese meir om Schengenavtalen på nettsidene til den norske
EU-delegasjonen.

Kva land er medlemmer i EU?

Frå og med 1.januar 2007 har EU 27 medlemsland: Belgia, Frankrike, Tyskland, Italia,
Luxenburg, Nederland, Danmark, Irland, Storbritanina, Hellas, Portugal, Spania,
Østerrike, Finland, Sverige, Kypros, Tsjekkia, Estland, Ungarn, Latvia, Litauen, Malta,
Polen, Slovakia, Slovenia, Bulgaria og Romania.

Kva land har euro som valuta?

Euro er pr. januar 2009 innført som valuta i 16 EU-land: Belgia, Finland, Frankrike,
Hellas, Irland, Italia, Kypros, Luxenburg, Malta, Nederland, Portugal, Slovakia,
Slovenia, Spania, Tyskland og Østerike.
I tillegg er euro også offisiell valuta i Andorra, Monaco, San Marino og Vatikanstaten.

Du kan lese meir om euro på nettsidene til EU-kommisjonen (engelsk).

Kvar finn eg oversikt over kommunenummer?

Du finn ei oversikt over kommunenummer på Kommunenøkkelen . På Noreg.no finn du
kommunenummeret til dei enkelte kommunane og fylkeskommunane ved å klikke på namnet.

Kvar finn eg satsane for arbeid i offentlege råd og utval?

Du finn satsane for godtgjering til leiar, medlemmer og sekretærar i statlege utval i
Statens personalhandbok. Dei tidligare sentralt fastsette satsane for utvalsgodtgjering
er er oppheva og erstatta med rettleiande satsar. Det er eigne rettleiande satsar for
sjølvstendig næringsdrivande.

Statens personalhandbok finst både i trykt og i elektronisk form. Den elektroniske
utgåva er ein del av Odin-tenesta, og er gratis for alle brukarar.

Kvar kan eg finne ei oversikt over flagg- og helgedagar i Noreg?

Du finn ei oversikt i heftet Minifakta om Norge på nettsidene til Statistisk
sentralbyrå. Sjå også Lov om 1 og 17 mai som høgtidsdager og Lov om helligdager og
helligdagsfred . Desse lovene listar opp dei helgedagane vi har i landet. På
Utanriksdepartementet sine nettsider finn du ei oversikt over offisielle flaggdagar.

Kven har plikt til å flagge på offisielle flaggdagar?

Statlege verksemder skal flagge på dei offisielle flaggdagane. Det er inga lovpålagt
plikt for kommunale eller fylkeskommunale verksemder å flagge, men det er vanleg at dei
også gjer det. Privatpersonar har inga plikt til å flagge. Les meir om flagging i 
'forskrift angående bruk av statsflagget og handelsflagget' .

Kven kan svare på spørsmål om bruk av flagget?

For å få svar på spørsmål om bruk av flagget kan du ta kontakt med diplomatseksjonen i
avdeling for kultur, noregsfremme og protokoll i Utanriksdepartementet. På nettsidene
deira finn du også ei oversikt over offisielle flaggdagar . Du finn også informasjon i 
'forskrift angående bruk av statsflagget og handelsflagget' .

Kor mange er tilsette i staten?

129 105 personar var tilsette i det statlege tariffområdet i 2006. Dette talet finn du
i brosjyren Lommestatistikk for statsforvaltninga 2007 som mellom anna inneheld talet
på tilsette frå 1993 til 2006, prosentdel kvinner, aldersfordeling, sjukefråvær, lønn,
tal leiarar m.m. Statistikken omfattar alle statlege verksemder der arbeidstakarane får
lønns- og arbeidsvilkår fastsette etter staten sitt lønnsregulativ.

Statistikken omfattar ikkje tilsette i statlege føretak, statlege aksjeselskap,
statlege stiftelsar og andre organisasjonar som staten eig. Tala omfattar i hovudsak
heller ikkje statlege toppleiarar og dommarar.

Når tek sommartida til?

Sommartida tek til kl. 02.00 siste søndag i mars. Då skal klokka stillast ein time
fram, frå 02.00 til 03.00.

Med sommartid meiner ein den perioden av året då klokka skal stillast ein time fram i
forhold til resten av året. Noreg er gjennom EØS-avtalen knytt opp til EU sitt
regelverk på dette området. Les meir i forskrift om sommertid .

Sommartida tek slutt kl. 03.00 siste søndag i oktober. Då skal klokka stillast ein time
tilbake, altså frå 03.00 til 02.00.

Har du problem med å hugse kva veg klokka skal stillast? Ein god hugseregel - klokka
skal alltid stillast mot næraste sommar.

Skal flagget på heil eller halv stang når det er gravferd og offisiell flaggdag på
same dag?

Det er ikkje noko regelverk som gjev svar på dette spørsmålet. Det blir i slike
tilfelle opp til leiinga ved institusjonen eller den statlege verksemda å avgjere kva
som blir det viktigaste. Og for t.d. ein sjukeheim vil truleg omsynet til den avdøde
vege tyngst. Så lenge ein flaggar anten på heil eller halv stang, gjer ein ikkje noko
galt.

Treng de meir råd om flagging, kan de kontakte diplomatseksjonen i avdeling for kultur,
noregsfremme og protokoll i Utanriksdepartementet.

Gå til toppen

Fri rettshjelp.

Kvar kan eg få informasjon om fri rettshjelp?

Fri rettshjelp betyr at staten heilt eller delvis kan dekkje utgiftene til
advokathjelp. Treng du fri rettshjelp, kan du kontakte advokat, Fylkesmannen i fylket
ditt eller domstolane .

Du finn informasjon om fri rettshjelp på nettsidene til Fylkesmannen og på Rettsrad.no
. Lov om fri rettshjelp finn du på Lovdata.no.

Fri rettshjelp omfattar både fritt rettsråd og fri saksførsle.

Fritt rettsråd er rettleiing og hjelp i juridiske spørsmål utanfor rettargang, til
dømes utforming av søknader og klager og korrespondanse med motpart. Rettsråd omfattar
også rein rådgjeving frå advokat.

Fri sakførsle er rettshjelp i saker som går for domstolane.

I nokre saker kan du få fri rettshjelp uavhengig av inntekt og formue. I andre saker er
det eit vilkår at du er under visse inntekts- og formuesgrenser .

Gå til toppen

Fritid.

Er det lov å brenne bråte?

Det er den enkelte kommunen som kan gje løyve til eller forby utandørs brenning eller
brenning av avfall i småomnar. Kommunen kan lage lokale forskrifter der slik brenning
blir forbode i heile eller i delar av kommunen. Brenning av næringsavfall er ikkje
tillate.

For å få informasjon om kva reglar som gjeld der du bur, kan du ta kontakt med kommunen
din. Eventuelle lokale forskrifter for kvar enkelt kommune finn du på Lovdata.


Det er Miljøverndepartementet som gjennom forskrift til forureiningslova har gjeve
kommunen heimel til å fastsetje lokale forskrifter for open benning og brenning av
avfall i småomnar. Kommunen er også tilsynsmyndigheit og kan påleggje
forurensningsgebyr og gje pålegg etter forureiningslova.

Har eg rett til å få overført delar av ferien min til neste år?

Du kan avtale å overføre inntil to vekers ferie til neste ferieår (kalenderår), men du
har ikkje krav på dette. Dersom sjukdom hindrar deg i å avvikle ferien innan ferieåret
er omme, kan du som arbeidstakar krevje å få overført inntil to vekers ferie til neste
år. Eit slikt krav må du fremje før året er omme.

Arbeidstakarar som har avtalefesta fem vekers ferie, kan overføre to veker pluss fire
arbeidsdagar til neste ferieår. Ferie som ikkje er avvikla og ikkje er overført til
neste ferieår, fell bort.

Du finn meir informasjon om avvikling av ferie på Arbeidstilsynet sine faktasider om
ferie . Har du fleire spørsmål om ferie, kan du kontakte svartenesta til
Arbeidstilsynet .

Kor store er tollkvotane for privatpersonar?

På nettsidene til tollvesenet, www.toll.no, finn du reglar for kva og kor mykje du kan
ta med deg på reise inn til og ut av Noreg .

Kva har eg lov til å ta med av kontantar til utlandet?

Ved innreise eller utreise av Noreg kan du ha med betalingsmiddel for til saman inntil
25 000 norske kroner. Betalingsmiddel omfattar norske og utanlandske sedlar og myntar,
sjekkar/reisesjekkar og andre verdidokument. Har du med verdiar ut over dette, skal du
gje melding på eit skjema som du får hos Tollvesenet . Noregs bank har meir informasjon
om betalingsformidling .

Kven skal eg kontakte for å ta båtførarprøva?

På nettsidene til Norsk Test AS finn du ei oversikt over kvar du kan ta båtførarprøva .
Norsk Test AS skriv ut båtførarbevis på oppdrag frå Sjøfartsdirektoratet. Pensum til
båtførarprøva er basert på fagplanen til Sjøfartsdirektoratet.


På nettsidene til Sjøfartsdirektoratet kan du lese meir om dagens frivillige ordning
med båtførarbevis og om framlegget til obligatorisk båtførarbevis .

Kva reglar gjeld for å ta med hund til Sverige?

Hund eller katt frå Noreg kan fritt takast med inn i Sverige så lenge det er snakk om
privat innførsel.

Det same gjeld for privat innførsel av hund og katt fra Sverige til Noreg. Det er ingen
krav om vaksinasjonar eller liknande for dyr som oppheld seg lovleg i Sverige.

Les meir om innførselsvilkår for hund og katt på nettsidene til Mattilsynet. Der finn
du også generell informasjon om innførsel av hund, katt og ilder til Norge.

Kvar får eg eit nytt båtførarbevis?

For å få nytt båtførarbevis skal du ta kontakt med firmaet Norsk Test AS som skriv ut
båtførarbevis på oppdrag frå Sjøfartsdirektoratet. Dersom det er svært lenge sidan du
tok prøva, kan det hende at du ikkje ligg i databasen deira. Du må då kunne dokumentere
at du har teke båtførarprøva for å få skrive ut eit nytt bevis. Alle spørsmål kring
dette skal rettast til Norsk Test AS.

Kvar får eg kjøpt fiskekort?

Du kan kjøpe fiskekort til dei fleste vatn og vassdrag i Noreg via SMS. Det er Statskog
som med Noregskortet har denne ordninga. Kortet gjeld fiske med stong eller handsnøre
etter innlandsfisk i vatn og vassdrag på statsgrunn, med unntak av statsallmenningen i
Sør-Noreg.

På privat grunn er det grunneigaren som har retten til fiske. Det betyr at du må ha
løyve frå grunneigaren for å fiske. Mange grunneigarar sel fiskekort, og med dette har
du lov til å fiske. På nettsida inatur.no kan du kjøpe fiskekort til mange vatn og
vassdrag.

Er du over 16 år og vil fiske laks, sjøaure og sjørøye i vassdrag, må du betale
fiskaravgift til staten før du kan løyse fiskekort. Barn og ungdom under 16 år har rett
til å fiske gratis. Les meir om det i lov om laksefisk og innlandsfisk m.v.

Sjå også Direktoratet for naturforvaltning sine temasider om fritidsfiske .

Kvar kan eg finne ei oversikt over flagg- og helgedagar i Noreg?

Du finn ei oversikt i heftet Minifakta om Norge på nettsidene til Statistisk
sentralbyrå. Sjå også Lov om 1 og 17 mai som høgtidsdager og Lov om helligdager og
helligdagsfred . Desse lovene listar opp dei helgedagane vi har i landet. På
Utanriksdepartementet sine nettsider finn du ei oversikt over offisielle flaggdagar.

Korleis går eg fram for å stifte ei foreining?

Du finn informasjon om registrering av lag og foreiningar på bedin.no. Der finn du også
forslag til stiftelsesdokument og ein standard for god rekneskapsskikk for ideelle
organisasjonar.

Korleis registrerer eg meg for å få innreiseløyve til USA?

Alle som skal reise til USA utan visum, må på førehand registrere seg elektronisk. Du
finn registreringsskjemaet ESTA her. Skjemaet finst på 16 språk, deriblant norsk.

I dei fleste tilfella vil innreisa bli godkjend med ein gong, men i særtilfelle kan det
ta opp til 72 timar. Du bør derfor ordne dette i god tid før avreise. Reisande som
ikkje har fått ESTA-godkjenning, kan bli nekta å gå ombord i flyet, bli forseinka,
eller bli nekta innreise ved grensestasjonen.

Søkjarar som ikkje blir godkjende av ESTA, må søkje om visum for å reise til USA.

Les meir om ESTA (elektronisk system for reiseinformasjon) på nettsidene til ambassaden
til Sambandsstatane. Kontakt ambassaden dersom du ønskjer utfyllande informasjon.

Eg har mista jegeravgiftskortet. Kven skal eg kontakte for å få eit nytt?

Du kan bestille jegeravgiftskort hos Jegerregisteret ved Brønnøysundregistra. Kontakt
Jegerregisteret eller bestill nytt kort her. På nettsidene til Direktoratet for
naturforvaltning finn du meir informasjon om jakt og fangst.

Må eg ha maskinlesbart pass for å reise til USA?

Amerikanske styresmakter krev maskinlesbart pass for visumfri innreise til USA. Dette
gjeld for personar som skal på turist- eller forretningsreise som ikkje skal vere i
meir enn 90 dagar. Slike pass blir skrivne ut ved alle pass-søkestader i Noreg.

Du finn meir informasjon om pass og maskinlesbare pass på nettsidene til politiet. På
nettsidene til ambassaden til Sambandsstatane finn du meir informasjon og bilete av
maskinlesbare pass. Les også om pass og legitimasjon på Noreg.no.

Merk også at alle som skal reise til USA utan visum, på førehand må registrere seg
elektronisk. Du finn registreringsskjemaet ESTA her. Skjemaet finst på 16 språk,
deriblant norsk.

Når er det bandtvang for hund ?

I tida frå og med 1. april til og med 20. august skal ein hund bli halden i band eller
forsvarleg inngjerda eller innestengt, slik at han ikkje kan jage eller skade husdyr og
vilt. Reglane for sikring av hund finn du i hundelova kapittel 2. Kommunane kan
fastsetje meir detaljerte forskrifter om bandtvang. Eventuelle lokale forskrifter finn
du her.

Treng eg attest for å ta med legemiddel til utlandet?

Har du med reseptpliktige legemiddel til utlandet, bør du vere førebudd på å kunne
dokumentere at du er den rette eigaren av legemidla. Ved passering av den norske
grensa, vil til dømes legeerklæring, kopi av resept eller originalemballasjen frå det
norske apoteket kunne tene som dokumentasjon på eigarskapet.

Regelverket som gjeld når ein reisande har behov for å ta med legemiddel til eige bruk
ved opphald i utlandet, vil vere noko ulikt fra land til land. Men landa som er med i
Schengen-samarbeidet er blitt samde om felles reglar når det gjeld visse sovemiddel,
roande middel og sterke smertestillande legemiddel. Ved reiser til desse landa bør du
ha med ein «Schengen-attest» når du tek med visse typar legemiddel. Alle apoteka i
landet skriv ut Schengen-attestar.

Les om legemiddel ved utanlandsopphald på nettsidene til Statens lækjemiddelverk.
Utanriksdepartementet har ei liste over landa som er med i Schengen-samarbeidet . Legg
merke til at Storbritannia og Irland er blant dei landa som ikkje er med i
Schengen-samarbeidet.

Gå til toppen

Førebyggjande helsearbeid.

Kven kan svare på om blåskjela eg har plukka er trygge å ete?

Mattilsynet overvaker algegifter i blåskjel frå mars og ut året. I denne perioden blir
det lagt ut blåskjelvarsel kvar fredag ettermiddag. Du kan få svar på om blåskjela er
trygge å ete via matportalen.no, ved å ringje Mattilsynets blåskjeltelefon,
telefonnummer 820 33 333, eller via tekst-tv side 588 på NRK 1 eller side 342 på NRK 2.
Sjå også tilrådingane frå Mattilsynet om å avgrense eller ikkje ete visse typar sjømat
frå område med høgt innhald av miljøgifter her.

Kvar finn eg informasjon om kva vaksinar eg bør ta ved ei utanlandsreise?

På nettsidene til Nasjonalt folkehelseinstitutt finn du ei oversikt over kva vaksinar
som blir tilrådd å ta ved utanlandsreiser.

Gå til toppen

Grunnskule.

Har eg rett til permisjon ved tilvenjing av barn i barnehage eller skule?

Det er ingen lovbestemt rett til fri frå arbeidet ved tilvenjing av barn i barnehage
eller skule. Dei lovbestemte rettane til fri frå arbeid finn du i arbeidsmiljølova,
kapittel 12 Rett til permisjon. Fri frå arbeidet i samband med skulestart eller
oppstart i barnehage må derfor anten vere avtalefesta i tariffavtale eller lokalt
permisjonsreglement, eller det kan avtalast direkte med arbeidsgjevar.

Vil du vite meir om reglane i arbeidsmiljølova om permisjon og rett til fri frå
arbeidet, kan du kontakte Arbeidstilsynets svarteneste på telefon 815 48 222.

Kvar finn eg adresser til skular og barnehagar?

Adresser til barnehagar, grunnskular og andre skuleslag finn du på Pedlex Norsk
Skoleinformasjon

Kvar finn eg ei oversikt over norske skular i utlandet?

Fylkesmannen i Oslo og Akershus har tilsyn med norske skular i utlandet, og du finn ei
oversikt over skulane på Fylkesmannen sine nettsider. Ver også merksam på nettstaden 
Globalskolen.no som mellom anna gjev nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og RLE.


Vi bur utanlands. Finst det tilbod om norskundervisning for barn på nettet?

Nettstaden Globalskolen.no gjev nettbasert opplæring i mellom anna norsk, samfunnsfag
og religion, livsyn og etikk (RLE) i første til tiande årstrinn.

Elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskular i Noreg eller utlandet kan få
statsstøtte til kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag, og kristendoms-,
religions- og livsynskunnskap. Du finn informasjon og søknadsskjema på nettsidene til
Fylkesmannen i Oslo og Akershus. Der finn du også ei oversikt over norske skular i
utlandet .

Gå til toppen

Helsetenester.

Får eg dekt utgiftene til medisinsk behandling dersom eg skulle bli sjuk på ei
utanlandsreise?

Dersom blir sjuk medan du er i eit EØS-land eller i Sveits, kan du få dekt utgiftene
dine til helsetenester. Vilkåret er at du har med deg Europeisk helsetrygdkort.
Europeisk helsetrygdkort er eit plastkort på storleik med eit vanleg bankkort, og det
dokumenterer at du har rett til å få dekt utgiftene til nødvendig medisinsk behandling
under mellombels opphald i eit annet EØS-land eller i Sveits. Du har rett til
behandling på lik linje med borgarane i det landet du oppheld deg i.

Helsetrygdkortet gir ikkje rett til ytingar dersom føremålet med reisa er å få
medisinsk behandling. Helsetrygdkortet dekkjer heller ikkje ekstra utgifter til
heimreise fordi du er blitt sjuk eller utsett for ei ulukke. Unntaket er heimreise frå
dei andre landa i Norden.

Ønskjer du å sikre deg mot utgifter som trygda i opphaldslandet ikkje dekkjer eller mot
meirutgifter ved heimreise, må du kjøpe ei reiseforsikring som dekkjer slike utgifter.

Helsetrygdkortet erstattar den tidlegare papirblanketten E-111. Frå 1. januar 2005 er
denne blanketten ikkje lenger gyldig.

Europeisk helsetrygdkort kan berre nyttast innanfor EØS-området og i Sveits. Skal du
reise til andre land, bør du kjøpe ei reiseforsikring.

Du kan tinge Europeisk helsetrygdkort på nettsidene til Nav ved å ringje den
automatiske servicetelefonen 810 33 810, eller ved å skrive kort (mellomrom)
fødselsnummer (11 siffer) og sende ein SMS til nummer 26626. Du kan også kontakte Nav
helsetenesteforvaltning sitt servicesenter på telefon 815 70 030.

Har eg krav på gratis tannlegebehandling?

Tannhelsetenesta gjev gratis tannbehandling til desse gruppene:

* barn og ungdom 0-18 år
* personar med psykisk utviklingshemming
* bebuarar i alders- og sjukeheimar
* enkelte brukarar av heimesjukepleien

Ungdom frå 19 til 20 år betaler 25% av behandlingskostnadene.

Ein slepp likevel å betale for ei rekkje spesifikke tannbehandlingar. Ei oversikt over
desse unntaka finn du på nettsidene til Nav.

Stønaden frå folketrygda blir gjeven etter faste takstar. Dersom utgiftene er høgare
enn takstane, må du betale resten sjølv. Takstane finn du her .

Enkelte behandlingar kjem inn under frikortordninga eigendelstak 2. Les meir om 
eigendelstak 2 på nettsidene til Nav.

Kvar finn eg adresse og telefonnummer til helsestasjonane i landet?

Du finn adresser og telefonnummer til helse- og sosialtenesta i kommunane på nettsidene
til Helsedirektoratet.

Kvar finn eg adresser og telefonnummer til BUP?

På nettsidene til Helsedirektoratet kan du søkje opp adresseinformasjon til dei barne-
og ungdomspsykiatriske poliklinikkane, BUP. På Oslo kommune sine nettsider finn du eit
oversyn over kva for ein BUP innbyggjarane i dei ulike bydelane høyrer til.

Kvar finn eg adresser og telefonnummer til DPS?

På nettsidene til Helsedirektoratet kan du søkje opp adresseinformasjon til dei
distriktspsykiatriske sentra, DPS. På Oslo kommune sine nettsider finn du oversyn over 
kva for ein DPS innbyggjarane i dei ulike bydelane høyrer til.

Kvar finn eg adresser til LAR-sentera i Noreg?

Du finn informasjon om Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) på nettsidene til Aker
universitetssjukehus. Her finn du også ei adresseliste til LAR-sentera i Noreg.

Kvar finn eg informasjon om behandlingsreiser til utlandet?

Du finn informasjon om behandlingsreiser til utlandet på nettsidene til 
Rikshospitalet.

Kvar finn eg oversyn over pasient- og brukarorganisasjonar?

På nettsidene til Helse Nord RHF finn du ei stor samling med lenkjer til pasient- og
brukarorganisasjonar i Noreg.

Kor kan eg finne oversikt over private psykologar og spesialistar med driftsavtale?

Dette finn du på nettsidene til dei regionale helseforetaka.
Helse Nord RHF ( Nordland, Troms og Finnmark)
Helse Midt RHF (Trøndelag og Møre og Romsdal)
Helse Vest RHF (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane)
Helse Sør-øst RHF (Oslo, Akershus, Oppland, Hedmark, Østfold, Vest-Agder, Aust-Agder,
Telemark, Vestfold, Buskerud )

Kor kan eg få hjelp når eg slit psykisk?

I kritiske eller livstruande situasjonar skal du straks ringe etter naudhjelp på
telefonnummer 113. Forklar kva som har skjedd, og kva adresse du ønskjer hjelpa til.
Viss situasjonen ikkje er akutt, det vil seie at det ikkje er fare for liv og helse,
kan du kontakte fastlegen din eller næraste legevakt.

Viss du treng nokon å snakke, med, kan du ringe Mental Helse sin hjelpetelefon 810 30
030 eller Kirkens SOS 815 33 300. På nettsidene til Helsedirektoratet finn du gode råd
om psykisk helse.

Kor stor er eigendelen ved behandling hos lege?

Eigendelen ved undersøking eller behandling av allmennlege eller legevakt på dagtid er
132 kr (pr. 1. juli 2009). På nettsidene til Nav finn du ei oversikt over eigendelar
for helsetenester og grensa for når ein får frikort .

Korleis byter eg fastlege?

Du kan byte fastlege via internettsida MinFastlege eller ved å kontakte
fastlegekontoret på telefon 810 59 500.

På nettsidene til Nav finn du meir informasjon om fastlegeordninga og ei oversikt over
fastlegane i kommunen din. Du kan også melde deg inn i eller ut av ordninga via desse
sidene.

Korleis finn eg fram til og søkjer om hjelpemiddel?

På nettsidene til Nav finn du informasjon om ulike hjelpemiddel . Der ligg også 
søknadsskjema og hjelpemiddeldatabasen . Ta kontakt med kommunehelsetenesta der du bur
for å få hjelp til å søkje. Gjeld det hjelpemiddel på arbeidsplassen, spør du
arbeidsgjevar eller bedriftshelsetenesta. Kontakt det lokale Nav-kontoret når det gjeld
attføring.

Korleis kan eg finne ut kven som er fastlegen min?

Logg deg inn på MinFastlege for å finne ut kven som er fastlegen din. Du bruker
personnummer, namn og postnummer for å logge deg inn.

Du kan også ringje Nav helsetenesteforvaltning på telefonnummer 810 59 500.

Korleis klagar eg på ei legebehandling?

Dersom du meiner at du er vorten feilbehandla eller at helsepersonell har brote nokre
av pliktene sine overfor deg, som til dømes å gje forsvarleg behandling, kan du be 
Helsetilsynet i fylket vurdere dette. Du kan lese meir om klager og om klage på
helsetenester og helsepersonell på nettsidene til Statens helsetilsyn.

Korleis klagar eg på tannlegebehandling?

Tannlegeforeininga sine lokalforeiningar har eigne klagenemnder som skal medverke til å
løyse konfliktar. Du kan også kontakte Helsetilsynet i fylket ditt.

Eg har nettopp flytta til Noreg. Korleis får eg fastlege?

For å få fastlege i Noreg må du vere folkeregistrert i ein norsk kommune, og ha norsk
fødsels- og personnummer. NATO-personell og asylsøkjarar kan få fastlege så lenge dei
har D-nummer . For legehjelp før du har fått fastlege, ta anten kontakt med
helseseksjon i kommunen, som kan hjelpe deg med å finne fram til ledig lege, eller med
eit privat legesenter. Du har krav på legehjelp også utan fastlege.

Når du har fått fødselsnummer, dvs etter innmelding i folkeregisteret, kan du ringe NAV
Helsetenesteforvaltning på tlf. 810 59 500 for å få tildelt fastlege. Du kan også melde
deg på ordninga og evt. bytte fastlege på MinFastlege på Nav.no. Ver merksam på at
innmelding i folkeregisteret skjer ved personleg frammøte.

Ved akutt behov for hjelp, ring legevakta i din kommune.

Treng eg attest for å ta med legemiddel til utlandet?

Har du med reseptpliktige legemiddel til utlandet, bør du vere førebudd på å kunne
dokumentere at du er den rette eigaren av legemidla. Ved passering av den norske
grensa, vil til dømes legeerklæring, kopi av resept eller originalemballasjen frå det
norske apoteket kunne tene som dokumentasjon på eigarskapet.

Regelverket som gjeld når ein reisande har behov for å ta med legemiddel til eige bruk
ved opphald i utlandet, vil vere noko ulikt fra land til land. Men landa som er med i
Schengen-samarbeidet er blitt samde om felles reglar når det gjeld visse sovemiddel,
roande middel og sterke smertestillande legemiddel. Ved reiser til desse landa bør du
ha med ein «Schengen-attest» når du tek med visse typar legemiddel. Alle apoteka i
landet skriv ut Schengen-attestar.

Les om legemiddel ved utanlandsopphald på nettsidene til Statens lækjemiddelverk.
Utanriksdepartementet har ei liste over landa som er med i Schengen-samarbeidet . Legg
merke til at Storbritannia og Irland er blant dei landa som ikkje er med i
Schengen-samarbeidet.

Gå til toppen

Høgare utdanning.

Kven har plikt til å melde flytting?

Alle som flyttar innan kommunen, mellom norske kommunar, eller til Noreg frå utlandet
eller til utlandet, pliktar å gje melding til folkeregisteret. Folkeregisteret er ein
del av skattekontoret. Alle i familien eller husstanden må melde flytting.

Det gjeld spesielle reglar mellom anna for skuleelevar, studentar, vernepliktige og
einslege pendlarar. Ta kontakt med skattekontoret for å få informasjon.

Flyttar du frå Noreg til eit anna nordisk land , skal du melde dette direkte til
folkeregistermyndigheitene i innflyttingslandet. Du treng ikkje lenger melde utflytting
til det norske folkeregisteret.

Alle som stiller husværet sitt til disposisjon for andre, skal melde frå om dei som
flytter til eller frå husværet. Desom du har forsikra deg om at den som flytter sjølv
har levert flyttemelding, treng du ikkje melde frå.

Du finn meir informasjon om å melde flytting på nettsidene til skatteetaten. Der finn
du også skjema og lenkje til levering av flyttemelding på nett .

Kvar får eg tak i ein godkjent translatør?

På nettsidene til Statsautoriserte translatørers forening kan du søkje etter godkjende
translatørar. Dei fleste translatørane er autoriserte i eitt språk, men til saman kan
medlemmene i foreininga omsetje til 20 språk.

Kan eg ha ulik bustadadresse og postadresse i folkeregisteret?

Ja, det kan du. Den beste måten å få ordne dette på, er å å sende eit vanleg brev
(ikkje flyttemelding) til folkeregisteret ved skattekontoret . Skriv kva postadresse du
ønskjer å ha oppført, og forklar at du skal stå oppført med den bustadadressa du alt
har.

Gå til toppen

Kjøpe bustad.

Kven kan få startlån og kor søkjer eg?

Personar som ikkje får lån frå private bankar eller som manglar eigenkapital, til dømes
unge i etableringsfasen, barnefamiliar, einslege forsørgjarar, funksjonshemma eller
flyktningar, kan søkje om startlån. Husbanken har utfyllande informasjon om 
startlån

Søknaden skal sendast til eigen kommune/bydel. Nokre kommunar tilbyr elektronisk
søknadskjema, dei andre bruker søknadskjema til nedlasting (PDF). Det er opp til
kommunen å vurdere om det skal innvilgast startlån og kor stort lånet blir.

Kvar får eg tak i skøyte for tinglysing i fast eigedom?

Dette skjemaet får du kjøpt i bokhandelen. Du finn også skøyte med rettleiing på
nettsidene til Statens kartverk.

Kor stort er tinglysingsgebyret?

Frå 1. januar 2006 (inga oppjustering i januar 2009) er tinglysings-gebyret 1548 kr for
tinglysing av skøyte og 1935 kr for tinglysing av pantedokument.

Gå til toppen

Køyretøy.

Kvar er det vorte av Biltilsynet?

"Biltilsynet" har skifta namn til trafikkstasjon. Stadnamnet står først, som til dømes
Odda trafikkstasjon. På www.noreg.no kan du finne den lokale trafikkstasjonen din .

Namneendringa frå "Biltilsynet" til trafikkstasjon skjedde i 1995.

Kvar finn eg ei oversikt over satsane for årsavgift?

Du finn ei oversikt over satsane for årsavgift i 2009 på nettsidene til Tollvesenet.

Kvar finn eg informasjon om årsavgifta?

Du finn informasjon om årsavgifta på køyretøy på nettsidene til Tollvesenet.

Korleis finn eg ut kva tid bilen min skal på EU-kontroll?

Du får informasjon om siste EU-godkjenning og neste EU-kontroll ved å skrive inn
bilnummeret på nettsida til Staten vegvesen .

Du kan òg sende ei tekstmelding til 2282. Skriv "REGNR " (Eksempel: REGNR AA00000).
SMS-tenesta kostar kr 3,-.

Les meir om EU-kontroll (periodisk køyretøykontroll) på nettsidene til Statens
vegvesen.

Når er det lov å køyre med piggdekk?

Forskrift om bruk av køyretøy slår fast at ein ikkje må bruke piggdekk eller kjetting i
tida frå og med første måndag etter 2. påskedag til og med 31. oktober. I Nordland,
Troms og Finnmark er tilsvarande periode frå og med 1. mai til og med 15. oktober.

Det er likevel slik at føraren må vurdere om køyretøyet er sikra tilstrekkeleg veggrep.
Forskrifta seier at køyretøy ikkje må brukast utan at det er sikra tilstrekkeleg
veggrep i høve til føret. Les meir om dekk og kjettingar på nettsidene til Statens
vegvesen.

Korleis kan eg finne ut kven som er eigar av ein bil når eg kjenner
registreringsnummeret?

Ved å sende REGNR <registreringsnummer> til 2282 vil du etter kort tid få ein SMS med
opplysningar om namnet og bustadkommunen til eigaren, bilmerke med meir. SMS-tenesta
kostar kr 3,-.

Det er Statens vegvesen som tilbyr køyretøyopplysningar på SMS .

Korleis kan eg finne ut om årsavgifta på eit køyretøy er betalt?

Du kan få informasjon om dette ved å sende ei tekstmelding til 2282. Skriv "REGNR "
(Eksempel: REGNR AA00000). SMS-tenesta kostar kr 3,-.

Eg har ikkje fått giro for innbetaling av årsavgift. Kva skal eg gjere?

Har du ikkje fått kravet om årsavgift, må du fylle ut ein giro sjølv og betale innan
fristen. Du må skrive inn eit KID-nummer (kundeidentifiseringsnummer) for at betalinga
skal knytast opp til køyretøyet ditt. KID-nummeret får du laga på nettsidene til
Tollvesenet. Du kan også få oppgitt KID-nummeret ved å ringje Tollvesenet på telefon 22
86 02 00.

Du finn meir informasjon om årsavgifta og utfylling av giroen på nettsidene til
Tollvesenet.

Eg har ikkje fått oblata til bilskilta. Kven skal eg kontakte?

For å få oblat til bilskilta må

- årsavgifta vere betalt
- forsikringa vere i orden
- EU-kontrollen vere i orden
- bilen ikkje vere kravd avskilta

Har du likevel ikkje fått oblata, kan du ta kontakt med den lokale trafikkstasjonen .
Lurer du på om årsavgifta er betalt, kan du sende spørsmål på SMS .

Eg har utanlandsk førarkort. Er dette gyldig i Noreg?

Det er ulike reglar for dei som har førarkort frå land i EØS-området og dei med
førarkort skrive ut utanfor dette området. På nettsidene til Statens vegvesen kan du l
ese meir om innbyte av utanlandsk førarkort og om vilkåra for bruk av utanlandsk
førarkort i Noreg . Kontakt den lokale trafikkstasjonen dersom du ønskjer meir
informasjon.

Kan eg køyre med det norske førarkortet mitt i utlandet?

Norske førarkort er gyldige i alle EU/EØS-land. Men Statens vegvesen tilrår at dei som
ikkje har den nyaste førarkortmodellen (bankkortformat), byter til denne før utreise.
Dette gjeld særleg dersom du har det grøne førarkortet (lita grøn bok).

Også mange land utanfor EU/EØS-området godkjenner EØS-modellen (bankkortformat). I
desse landa treng du ikkje internasjonalt førarkort. Ta kontakt med landet sin
ambassade i Noreg for å få vite kva reglar som gjeld.

Statens vegvesen har meir informasjon om norsk førarkort i utlandet .

Gå til toppen

Leige bustad.

Har eg rett til bustønad og når er fristen for å søkje?

Du kan søkje om bustønad dersom husstanden din har låge inntekter og høge buutgifter.
På nettsidene til Husbanken finn du informasjon om bustønadsordninga , og du kan rekne
ut kor stor bustønaden vert . Du finn også informasjon om tilskot og lån til bustad- og
bygningsrelaterte føremål frå Husbanken.

Fristen for å søkje om bustønad er den 14. i kvar månad. Utbetalinga skjer den 10. i
den etterfølgjande månaden.

Søknad om bustønad skal sendast til sosialkontoret (ev. bustønadskontoret) i kommunen 
din. I Oslo sender du søknaden til bydelen din. Du kan sende søknaden via Internett
eller skrive ut søknadsskjema frå nettsidene til Husbanken.

Gå til toppen

Namn.

Korleis kan eg oppspore ein person i Noreg?

Dersom du har namn eller adresse, kan du starte med å søkje i telefonkatalogen på
Internett . Gjev ikkje dette resultat, kan du kontakte folkeregisteret ved
skattekontoret . Ver merksam på at folkeregisteret berre utleverer opplysningar til
private når opplysningane er nødvendige for at vedkommande skal kunne ta vare på
lovmessige rettar og 
plikter.

Eg har skifta namn. Korleis kan eg endre namnet i passet mitt?

Dersom du har eit handskrive pass, kan du endre namnet éin gong. Du må møte personleg
og ta med dokumentasjon som viser både det tidlegare og noverande namnet ditt og dato
for namneendringa. Dokumentet må vere ein original.

Namnet kan ikkje endrast i maskinlesbare pass, og du må derfor søkje om nytt pass i
staden.

Hugs at billett og pass må vere utskrive i same namn ved innsjekking på fly. Dersom du
t.d. har bestilt billett til bryllupsreisa med jentenamnet ditt, må passet du har med
på reisa også inneheld same namn.

Du finn meir informasjon om pass på nettsidene til politiet.

Eg vil skifte namn. Korleis gjer eg det?

For å skifte namn sender du melding om endring av namn til skattekontoret ditt
(folkeregisteret er ein del av skattekontoret). På nettsidene til Justis- og
politidepartementet finn du meldingsskjema for namneendring.
På nettsidene til Statistisk sentralbyrå finn du namnestatistikk med oversikt over kor
mange gonger dei ulike namna er brukte i Noreg. Les meir om namn på Noreg.no.

Gå til toppen

Næringsskatt.

Kva er fristen for å levere sjølvmelding for næringsdrivande?

For næringsdrivande som leverer sjølvmeldinga på papir, er fristen 30. april. Leverer
du elektronisk, er fristen 31. mai.

Selskap kan levere sjølvmeldinga på nett frå 23. februar 2009. Personleg
næringsdrivande kan levere på nett frå 24. mars.

Du finn meir informasjon om datoar og fristar i skattekalender for næringsdrivande på
nettsidene til skatteetaten.

Kva er satsane for meirverdiavgift?

Meirverdiavgift (moms, mva.) skal betalast ved omsetning av dei fleste varer og
tenester. Satsen er generelt 25 prosent. Satsen for omsetning av mat- og drikkevarer er
14 prosent. For kinobillettar, persontransport og kringkastingsavgift er satsen 8
prosent. Du finn meir informasjon om meirverdiavgift på nettsidene til skatteetaten.

Korleis søkjer eg om utsetjing av innlevering av sjølvmeldinga?

Du kan ta kontakt med skattekontoret på telefonnummer 800 80 000. Tast 1 og forklar
situasjonen.

For den enkelte skattyteren, selskapet og næringsdrivande som har PIN-kode, er det
mogleg å gå inn via Altinn og søkje elektronisk om 14 dagars utsetjing av innlevering
av sjølvmeldinga. Gå til skjema for privatpersonar eller skjema for næringsdrivande .

Eg skal betale inn skatt og treng eit KID-nummer. Kva gjer eg?

Du kan få laga eit KID-nummer for innbetaling av skatt på nettsidene til skatteetaten.
KID-nummeret kan brukast til fleire typar innbetalingar, som forskotstrekk, restskatt,
arbeidsgjevaravgift og forhandsskatt. Både arbeidsgjevarar, selskap og personlege
skatteytarar kan bruke tenesta.

På nettsida finn du også oversikt over kontonummera til skatteoppkrevarane .
	 
Gå til toppen

Næringsverksemd.

Korleis søkjer eg om skjenkeløyve?

Det er kommunen som tildeler skjenkeløyve. Dersom det skal skjenkast alkohol, må du
søkje om både serveringsløyve og skjenkeløyve.

For å få løyve må styraren må ha avlagt og bestått etablerarprøva i samsvar med
serveringslova. Styrar og skjenkerettsinnehavaren må begge ha bestått kunnskapsprøva om
alkohollova. Du finn informasjon om kunnskapsprøva og om kommunale sals- og
skjenkeløyve på nettsidene til Helsedirektoratet.

Kva har eg lov til å ta med av kontantar til utlandet?

Ved innreise eller utreise av Noreg kan du ha med betalingsmiddel for til saman inntil
25 000 norske kroner. Betalingsmiddel omfattar norske og utanlandske sedlar og myntar,
sjekkar/reisesjekkar og andre verdidokument. Har du med verdiar ut over dette, skal du
gje melding på eit skjema som du får hos Tollvesenet . Noregs bank har meir informasjon
om betalingsformidling .

Gå til toppen

Omsorg og sosiale tenester.

Kven har rett på avlastning?

Har du særleg tyngande omsorgsoppgåver kan du ha rett på avlastning. Avlastning skal
gjere det mogleg for omsorgsytar å oppretthalde gode familierelasjonar, halde på
sosiale nettverk og gje nødvendig og regelmessig fritid og ferie. Avlastning er hjelp
til omsorgsyter, i motsetning til kortidsopphald som er helsehjelp til den
omsorgstrengande.

Avlastning kan verte gjeve både i private heimar og i særskilte kommunale tiltak, til
dømes i sjukeheim. Søknad om avlastning skal sendast til kommunen.

Gå til toppen

Pasientrettar.

Har eg krav på gratis tannlegebehandling?

Tannhelsetenesta gjev gratis tannbehandling til desse gruppene:

* barn og ungdom 0-18 år
* personar med psykisk utviklingshemming
* bebuarar i alders- og sjukeheimar
* enkelte brukarar av heimesjukepleien

Ungdom frå 19 til 20 år betaler 25% av behandlingskostnadene.

Ein slepp likevel å betale for ei rekkje spesifikke tannbehandlingar. Ei oversikt over
desse unntaka finn du på nettsidene til Nav.

Stønaden frå folketrygda blir gjeven etter faste takstar. Dersom utgiftene er høgare
enn takstane, må du betale resten sjølv. Takstane finn du her .

Enkelte behandlingar kjem inn under frikortordninga eigendelstak 2. Les meir om 
eigendelstak 2 på nettsidene til Nav.

Korleis klagar eg på ei legebehandling?

Dersom du meiner at du er vorten feilbehandla eller at helsepersonell har brote nokre
av pliktene sine overfor deg, som til dømes å gje forsvarleg behandling, kan du be 
Helsetilsynet i fylket vurdere dette. Du kan lese meir om klager og om klage på
helsetenester og helsepersonell på nettsidene til Statens helsetilsyn.

Korleis klagar eg på tannlegebehandling?

Tannlegeforeininga sine lokalforeiningar har eigne klagenemnder som skal medverke til å
løyse konfliktar. Du kan også kontakte Helsetilsynet i fylket ditt.

Kvar finn eg oversyn over pasient- og brukarorganisasjonar?

På nettsidene til Helse Nord RHF finn du ei stor samling med lenkjer til pasient- og
brukarorganisasjonar i Noreg.

Gå til toppen

Pass og legitimasjon.

Barnet mitt er født og busett i utlandet. På kva måte kan det få norsk pass?

Norske statsborgarar som ønskjer pass til eige barn som er født og busett i utlandet,
må først få tildelt fødselsnummer til barnet. For å få tildelt fødselsnummer må
foreldra kontakte næraste norske utanriksstasjon som tek stilling til om barnet er
norsk statsborgar. Dersom barnet er norsk statsborgar, sender utanriksstasjonen søknad
til Skatt nord Hammerfest, Personregisteret , Postboks 6310, 9293 Tromsø.

Når ein har fått tildelt fødselsnummer, vil utanriksstasjonen hjelpe videre med å få
skrive ut pass. På nettsidene til skatteetaten finn du meir informasjon og krav til
dokumentasjon for å få tildelt fødselsnummer . På nettsidene til politiet finn du
informasjon om pass .

Eg har skifta namn. Korleis kan eg endre namnet i passet mitt?

Dersom du har eit handskrive pass, kan du endre namnet éin gong. Du må møte personleg
og ta med dokumentasjon som viser både det tidlegare og noverande namnet ditt og dato
for namneendringa. Dokumentet må vere ein original.

Namnet kan ikkje endrast i maskinlesbare pass, og du må derfor søkje om nytt pass i
staden.

Hugs at billett og pass må vere utskrive i same namn ved innsjekking på fly. Dersom du
t.d. har bestilt billett til bryllupsreisa med jentenamnet ditt, må passet du har med
på reisa også innehalde same namn.

Du finn meir informasjon om pass på nettsidene til politiet.

Kor lenge er passet gyldig?

For personar over 16 år er passet gyldig i 10 år. Pass til personar under 16 år har
denne gyldigheitstida:

0-5 år: to år
5-10 år: tre år
10-16 år: fem år

Eit pass er likevel berre gyldig så lenge eigaren kan kjennast att på bildet og så
lenge passet er uforandra og uskadd.

Ver merksam på at enkelte land krev at passet er gyldig ein periode etter utreise
(heimreise til Noreg). Reisebyrået eller den aktuelle ambassaden kan gje informasjon om
dette.

Du finn meir informasjon om pass på nettsidene til politiet.

Kva kostar det å få pass?

Pass for vaksne over 16 år kostar 450 kr. Pass for barn under 16 år kostar 270 kr.
Prisane er dei same for eventuelle nødpass og gjeld frå 1. januar 2008 (inga justering
i januar 2009).

Korleis får eg D-nummer?

D-nummer blir tildelt av Personregisteret. Ta kontakt med

Skatt nord Hammerfest, Personregisteret, Postboks 6310, 9293 Tromsø. Telefon: 800 80
000. E-post: personregisteret@skatteetaten.no .

Eit D-nummer er eit identifikasjonsnummer som blir tildelt personar som ikkje står i
folkeregisteret. Det blir brukt som identifikasjon på lik linje med fødselsnummeret. Du
treng det mellom anna for å opne bankkonto i Noreg, kjøpe eigedom og for å få
skattekort. D-nummer skal rekvirerast på eige skjema.

Skattekontoret kan hjelpe til med informasjon om korleis du får D-nummer. Viss du er
utanlandsk arbeidstakar busett i Oslo eller omegn, kan Servicesenteret for utanlandske
arbeidstakarar hjelpe deg med å søke om D-nummer.

Den institusjonen som krev D-nummer, kan også hjelpe til med dette. Brønnøysundregistra
har til dømes sitt eige skjema for den som ønskjer å registrere et føretak og som treng
D-nummer. Last ned skjema her.

Korleis registrerer eg meg for å få innreiseløyve til USA?

Alle som skal reise til USA utan visum, må på førehand registrere seg elektronisk. Du
finn registreringsskjemaet ESTA her. Skjemaet finst på 16 språk, deriblant norsk.

I dei fleste tilfella vil innreisa bli godkjend med ein gong, men i særtilfelle kan det
ta opp til 72 timar. Du bør derfor ordne dette i god tid før avreise. Reisande som
ikkje har fått ESTA-godkjenning, kan bli nekta å gå ombord i flyet, bli forseinka,
eller bli nekta innreise ved grensestasjonen.

Søkjarar som ikkje blir godkjende av ESTA, må søkje om visum for å reise til USA.

Les meir om ESTA (elektronisk system for reiseinformasjon) på nettsidene til ambassaden
til Sambandsstatane. Kontakt ambassaden dersom du ønskjer utfyllande informasjon.

Korleis søkjer eg om visum til eit land?

Ta kontakt med ambassaden til landet her i Noreg. Nyttig informasjon finn du og på 
landsidene til Utanriksdepartementet. Er du usikker på om det krevst visum, kan du
sjekke lista over land norsk borgarar kan reise visumfritt til.

Kva land kan nordmenn reise visumfritt til?

På nettsidene til Utanriksdepartementet finn du ei oversikt over kva land norske
borgarar kan reise til utan visum. Nærare informasjon får du hos ambassaden til det
enkelte landet.

Reiseinformasjon og reiseråd finn du på landsidene til Utanriksdepartementet.

På nettsiden til Utlendingsdirektoratet finn du også ei oversikt over land med fritak
for visumplikt til Noreg .

Kva legitimasjon treng eg for å få nytt pass?

Når du skal søkje om nytt pass, må du kunne dokumentere identiteten din. Når du skal
fornye passet ditt, held det at du har med det tidlegare passet som legitimasjon viss
det framleis er gyldig eller det er mindre enn tre månader sidan det gjekk ut.

Skal du ha pass for første gong, eller det er meir enn tre månader sidan
gyldigheitstida til det gamle passet gjekk ut, skal du ha med følgjande legitimasjon:

- Gyldig norsk førarkort eller anna minst like sikkert identitetskort med bilde og
fødselsnummer, til dømes bankkkort med bilde
- Eventuelt tidlegare utgått pass
- Statsborgarbrev dersom du tidlegare har vore utanlandsk statsborgar

Viss du ikkje kan legitimere deg med gyldig norsk pass (ev. pass som er gått ut for
mindre enn tre månader sidan), må du vera førebudd på at politiet krev at du har med
deg ein myndig, norsk person med gyldig norsk pass. Denne personen må skriftleg kunna
stadfesta identiteten din.

Du finn meir informasjon om pass på nettsidene til politiet.

Kvar får eg ein ny fødselsattest?

For å få skrive ut ein ny fødselsattest tek du kontakt med folkeregisteret som er en
del av skattekontoret .

Kven kan omsetje fødselsattesten min til andre språk?

Folkeregisteret ved skattekontoret kan skrive ut fødselsattestar på engelsk, tysk,
fransk og spansk. Det kostar ingenting, og saksbehandlinga kan ta frå to dagar til eit
par veker.

Ta kontakt med folkeregisteret ved skattekontoret på telefonnummer 800 80 000.

Må eg ha maskinlesbart pass for å reise til USA?

Amerikanske styresmakter krev maskinlesbart pass for visumfri innreise til USA. Dette
gjeld for personar som skal på turist- eller forretningsreise som ikkje skal vere i
meir enn 90 dagar. Slike pass blir skrivne ut ved alle pass-søkestader i Noreg.

Du finn meir informasjon om pass og maskinlesbare pass på nettsidene til politiet. På
nettsidene til ambassaden til Sambandsstatane finn du meir informasjon og bilete av
maskinlesbare pass. Les også om pass og legitimasjon på Noreg.no.

Merk også at alle som skal reise til USA utan visum, på førehand må registrere seg
elektronisk. Du finn registreringsskjemaet ESTA her. Skjemaet finst på 16 språk,
deriblant norsk.

Treng eg pass for å reise i Schengen-området?

I utgangspunktet treng du ikkje pass for å reise mellom landa i Schengen-området. Men
landa som er med i Schengen-samarbeidet, kan innføre mellombels passkontroll på
grensene sine dersom det oppstår trussel mot ro, orden eller den allmenne respekten for
lovene i landet. Derfor bør du likevel alltid ta med passet for å vere på den sikre
sida.

Du treng også passet som legitimasjon fordi Noreg berre har passet som godkjent
nasjonalt identitetsbevis. Fleire flyselskap i Europa krev pass i samband med
ombordstiging i fly.

Du finn meir informasjon om pass på utanlandsreiser i ei pressemelding frå Justis- og
politidepartementet. På nettsidene til politiet finn du generell informasjon om pass og
på Regjeringa.no ei oversikt over medlemslanda i Schengen-samarbeidet . Ver merksam på
at mellom anna Irland og Storbritannia ikkje er med i 
Schengen-samarbeidet.

Gå til toppen

Pensjonar.

Blir det trekt skatt av lønn og pensjon i desember?

Det blir ikkje trekt skatt av folketrygdpensjonar i desember. Skattepliktige med
månadslønn skal ha halvt skattetrekk i desember. For å få meir informasjon om
regelverket kring skattetrekk kan du ta kontakt med skatteoppkrevjarkontoret
(kommunekasseraren, kemneren) i kommunen din.

Kor stort er grunnbeløpet?

Grunnbeløpet (G) i folketrygda er regulert til 72 881 kroner frå 1. mai 2009. Det er
Stortinget som årleg vedtek det endelige grunnbeløpet, som regel i midten av juni.

På nettsidene til Nav finn du meir informasjon om grunnbeløpet og ein oversikt over
grunnbeløp frå 1967 og fram til i dag.

Korleis kan eg rekne ut kor mykje eg får i alderspensjon?

På nettsidene til arbeids- og velferdsetaten kan du bestille ei utrekning av framtidig 
alderspensjon frå folketrygda . Det er det lokale Nav-kontoret som reknar ut pensjonen
din. Ønskjer du rekna ut sjølv, kan du bruke 
pensjonskalkulatoren til Nav.

Serviceberekninga omfattar ikkje tenestepensjonar. Arbeidsgjevaren din kan gje deg
informasjon om du har rett til tenestepensjon i tillegg til folketrygda.

Tilsette i staten kan få ei oversikt over framtidig tenestepensjon frå 
pensjonskalkulatoren til Statens Pensjonskasse. På denne sida kan du bestille 
pensjonsberekning fra Kommunal Landspensjonskasse .

Gå til toppen

Personskatt.

Blir det trekt skatt av lønn og pensjon i desember?

Det blir ikkje trekt skatt av folketrygdpensjonar i desember. Skattepliktige med
månadslønn skal ha halvt skattetrekk i desember. For å få meir informasjon om
regelverket kring skattetrekk kan du ta kontakt med skatteoppkrevjarkontoret
(kommunekasseraren, kemneren) i kommunen din.

Eg skal betale inn skatt og treng eit KID-nummer. Kva gjer eg?

Du kan få laga eit KID-nummer for innbetaling av skatt på nettsidene til skatteetaten.
KID-nummeret kan brukast til fleire typar innbetalingar, som forskotstrekk, restskatt,
arbeidsgjevaravgift og forhandsskatt. Både arbeidsgjevarar, selskap og personlege
skatteytarar kan bruke tenesta.

På nettsida finn du også oversikt over kontonummera til skatteoppkrevarane .

Kan eg sleppe å levere sjølvmeldinga?

Lønnstakarar og pensjonistar som ikkje har endringar eller tillegg til den
førehandsutfylte sjølvmeldinga, slepp å levere ho. Les meir om fritak for å levere
sjølvmeldinga på nettsidene til skatteetaten.

Kor mykje kan eg tene før eg skal betale skatt?

I 2009 er fribeløpet 39 997 kroner. Kjem du til å tene meir enn det, kan du anten bruke
frikortet først og deretter trekkje skatt av det overskytande, eller du kan skaffe deg
vanleg skattekontort med ein gong.

Du kan bestille frikort, skattekort og endre skattekortet på Miside og på nettsidene
til skatteetaten . Treng du meir informasjon, kan du ta kontakt med skattekontoret .

Korleis søkjer eg om utsetjing av innlevering av sjølvmeldinga?

Du kan ta kontakt med skattekontoret på telefonnummer 800 80 000. Tast 1 og forklar
situasjonen.

For den enkelte skattyteren, selskapet og næringsdrivande som har PIN-kode, er det
mogleg å gå inn via Altinn og søkje elektronisk om 14 dagars utsetjing av innlevering
av sjølvmeldinga. Gå til skjema for privatpersonar eller skjema for næringsdrivande .

Kva er fristen for å levere sjølvmeldinga for lønnstakarar og pensjonistar?

For lønnstakarar og pensjonistar er fristen for å levere sjølvmeldinga 30. april . Du
kan levere sjølvmeldinga via nettsidene til skatteetaten , via Miside eller i
papirform. Du kan levere sjølvmeldinga elektronisk frå tidlegast 24. mars 2009.

Dersom du ikkje har endringar eller tillegg til den førehandsutfylte sjølvmeldinga, kan
du sleppe å levere sjølvmeldinga. Denne ordninga er ny frå i fjor.

Du finn meir informasjon om datoar og fristar i skattekalender for lønnstakarar og
pensjonistar på nettsidene til skatteetaten.

Når kjem skatteoppgjeret?

Dei fleste lønstakarar og pensjonistar får skatteoppgjeret i juni. Skatteoppgjeret er i
2009 klart 22. juni, og har du pengar til gode, blir dei utbetalte kort tid etter.

Ein del skatteytarar samt næringsdrivande og selskap får skatteoppgjeret 21. oktober.

Les meir om skatteoppgjeret på nettsidene til skatteetaten. Der finn du også
skattekalender for lønnstakarar og pensjonistar med informasjon om datoar og fristar,
og eit enkelt program for skatteutrekning på nettet.

Gå til toppen

Politisaker.

Kvar finn eg adresse og telefonnummer til konfliktrådet?

Du finn ei oversikt over konfliktråda i landet på nettsidene til konfliktrådet.

Alle kan ta kontakt med konfliktrådet for å få hjelp og rettleiing. Tenesta er gratis
og blir tilbydd i alle kommunane i landet. Det er uforpliktande for dei som tek
kontakt, og konfliktrådet har teieplikt.

Konfliktrådet hjelper å løyse tvistar ved mekling. Nabokonfliktar, familietvistar og
saker knytt til arbeidsforhold, underslag, arv og skifte er døme på saker konfliktrådet
kan hjelpe med .

Kven kan få valdsalarm og korleis?

Har du vore eller er utsett for vald eller alvorlege trugsmål, bør du melde frå til
politiet. Politiet skal då vurdere behovet for vernetiltak. Aktuelle tiltak kan vere å
utstyre deg med mobil valdsalarm som varslar politiet når du utløyser han. Andre tiltak
kan vere besøksforbod og vern av personopplysningar. Les meir om familievald på
nettsidene til politiet, og kontakt politiet på telefon 02800 for å få nærmare
opplysningar.

Gå til toppen

Religion og livssyn.

Korleis finn eg ut om eg er medlem i statskyrkja?

Du kan kontakte Kyrkerådet for å få informasjon om du er oppført i medlemsregisteret
til Den norske kyrkja. Du finn meir informasjon om medlemskap på Kyrkja.no.

Kvar finn eg informasjon om gravferdsseremoniar?

Informasjon om gravferd i regi av Den norske kyrkja finn du på kyrkja.no . Ønskjer du
ein gravferdsseremoni utan religiøst innhald, kan du velje humanistisk gravferd.

Kvar finn eg informasjon om utmelding av statskyrkja?

Du finn utmeldingsskjema og informasjon om utmelding av statskyrkja på nettsidene til
Den norske kyrkja. For å melde deg ut kan du anten møte fram på prestekontoret i det
prestegjeldet der du er busett eller sende skriftleg melding til prestekontoret. Du må
oppgje person-nummer. Finn ut kva prestegjeld du høyrer til på nettsidene til Den
norske kyrkja.

Dersom du ikkje er døypt, er du heller ikkje medlem av Den norske kyrkja. Du kan ta
kontakt med Kyrkjerådet for å kontrollere om du eventuelt er feilaktig oppført i
medlemsregisteret til Den norske kyrkja.

Gå til toppen

Rettslege spørsmål.

Kor stor er inkassosatsen?

Frå 1. januar 2009 er inkassosatsen 590 kr. Les meir om rettane dine ved inkasso på
nettsidene til Forbrukarrådet.

Kor stort er rettsgebyret?

Frå 1. januar 2006 (inga oppjustering i januar 2009) er rettsgebyret 860 kr. Les meir
om rettsgebyr på Domstol.no.

Korleis finn eg ut kven som er namsmann?

I desse kommunane er det namsfogden som fungerer som namsmann: Oslo, Bergen, Stavanger,
Trondheim, Fredrikstad, Skedsmo, Asker og Bærum, Tønsberg og Nøtterøy, Kristiansand,
Sandnes og Tromsø og Karlsøy.

I resten av landet er det lensmannen eller det lokale politiet som fungerer som
namsmann.

Kontaktinformasjon til landets namsmenn og namsfogdar finn du på Noreg.no.

Du kan lese meir på nettstaden Namsfogden.no . På nettsidene til Justis- og
politidepartementet kan du lese om organiseringa av namsmannen .

Kvar finn eg adresse og telefonnummer til konfliktrådet?

Du finn ei oversikt over konfliktråda i landet på nettsidene til konfliktrådet.

Alle kan ta kontakt med konfliktrådet for å få hjelp og rettleiing. Tenesta er gratis
og blir tilbydd i alle kommunane i landet. Det er uforpliktande for dei som tek
kontakt, og konfliktrådet har teieplikt.

Konfliktrådet hjelper å løyse tvistar ved mekling. Nabokonfliktar, familietvistar og
saker knytt til arbeidsforhold, underslag, arv og skifte er døme på saker konfliktrådet
kan hjelpe med .

Kvar kan eg få informasjon om fri rettshjelp?

Fri rettshjelp betyr at staten heilt eller delvis kan dekkje utgiftene til
advokathjelp. Treng du fri rettshjelp, kan du kontakte advokat, Fylkesmannen i fylket
ditt eller domstolane .

Du finn informasjon om fri rettshjelp på nettsidene til Fylkesmannen og på Rettsrad.no
. Lov om fri rettshjelp finn du på Lovdata.no.

Fri rettshjelp omfattar både fritt rettsråd og fri saksførsle.

Fritt rettsråd er rettleiing og hjelp i juridiske spørsmål utanfor rettargang, til
dømes utforming av søknader og klager og korrespondanse med motpart. Rettsråd omfattar
også rein rådgjeving frå advokat.

Fri sakførsle er rettshjelp i saker som går for domstolane.

I nokre saker kan du få fri rettshjelp uavhengig av inntekt og formue. I andre saker er
det eit vilkår at du er under visse inntekts- og formuesgrenser .

Gå til toppen

Samfunn.

Kvar finn eg ei oversikt over offisielle flaggdagar?

Du finn ei oversikt over offisielle flaggdagar i Noreg i ei pressemelding frå
Utanriksdepartementet.

Endringane er innarbeidde i paragraf 4 i Forskrift angående bruk av statsflagget og
handelsflagget.

Kvar finn eg folkeregisteret?

Folkeregisteret er ein del av skattekontoret. Du kan bruke Noreg.no for å finne
skattekontoret ditt . Telefonnummeret til skattekontora er 800 80 000.

Kvar finn eg telefonnummer til asylmottaka i landet?

Du finn telefonnummer og adresser til asylmottaka i landet på nettsidene til
Utlendingsdirektoratet.

Kvar får eg tak i ein godkjent translatør?

På nettsidene til Statsautoriserte translatørers forening kan du søkje etter godkjende
translatørar. Dei fleste translatørane er autoriserte i eitt språk, men til saman kan
medlemmene i foreininga omsetje til 20 språk.

Kor mange er tilsette i staten?

129 105 personar var tilsette i det statlege tariffområdet i 2006. Dette talet finn du
i brosjyren Lommestatistikk for statsforvaltninga 2007 som mellom anna inneheld talet
på tilsette frå 1993 til 2006, prosentdel kvinner, aldersfordeling, sjukefråvær, lønn,
tal leiarar m.m. Statistikken omfattar alle statlege verksemder der arbeidstakarane får
lønns- og arbeidsvilkår fastsette etter staten sitt lønnsregulativ.

Statistikken omfattar ikkje tilsette i statlege føretak, statlege aksjeselskap,
statlege stiftelsar og andre organisasjonar som staten eig. Tala omfattar i hovudsak
heller ikkje statlege toppleiarar og dommarar.

Kor mange kommunar er det i Noreg?

Det er 430 kommunar i Noreg (pr. 1. januar 2008, inga endring i 2009).

Du finn du ei oversikt over alle kommunane i landet via 'Finn myndigheit' i toppmenyen
på Noreg.no.

På nettsidene til Kommunal- og regionaldepartementet finn du ei oversikt over kommunar
som vurderer eller har vedteke å slå seg saman.

Kvar på nettet finn eg statsbudsjettet?

Statsbudsjettet finn du på nettstaden www.statsbudsjettet.dep.no. Du kan bestille
papirutgåva av statsbudsjettet frå Fagbokforlaget, avdeling offentlige publikasjoner,
telefon 55 38 66 00, e-post offpub@fagbokforlaget.no .

Offentlege etatar bestiller papirutgåva frå Servicesenteret for departementa, telefon
22 24 20 00, e-post publikasjonsbestilling@dss.dep.no.

Korleis kan eg bli norsk statsborgar?

Norsk statsborgar blir ein ved fødsel eller adopsjon. Ein kan også få norsk
statsborgarskap ved melding eller ved søknad.

Statsborgarskap ved melding gjeld under visse vilkår for nordiske borgarar og for barn
og adoptivbarn fødde før 1. september 2006. Les meir om statsborgarskap ved melding på
nettsidene til Utlendingsdirektoratet.

Har du gyldig opphaldsløyve i Norge, kan du søkje om norsk statsborgarskap. For at
søknaden skal godkjennast må du oppfylle visse krav. På nettsidene til
Utlendingsdirektoratet kan du lese meir om statsborgarskap ved søknad.

Når ein har fått norsk statsborgerskap får ein tilbod om å delta på ein 
statsborgarseremoni.

Kan eg vere statsborgar i to land på same tid?

I følgje norsk lov kan ein person berre ha éin statsborgarskap. Er du norsk borgar og
har fått statsborgarskap i eit anna land, mistar du automatisk den norske
statsborgarskapen.

Utanlandske borgarar som søkjer om norsk statsborgarskap, må som hovudregel gje opp den
tidlegare statsborgarskapen sin. Les om dette i statsborgarlova.

Likevel kan det gjerast unntak. Dersom lovene i det landet borgaren opphavleg kjem frå
seier at dette er umogleg, kan ein dobbel statsborgarskap vere aktuell. Det same gjeld
om det til dømes er vanskeleg eller svært kostbart å bli løyst frå den tidlegare
statsborgarskapen.

Det er utlendingsmyndigheitene som avgjer om søkjaren må løysast ut frå tidlegare
statsborgarskap, eller om han kan ha dobbel statsborgarskap.

Meir informasjon om dobbel statsborgarskap finn du på nettsidene til
Utlendingsdirektoratet.

Når tek sommartida til?

Sommartida tek til kl. 02.00 siste søndag i mars. Då skal klokka stillast ein time
fram, frå 02.00 til 03.00.

Med sommartid meiner ein den perioden av året då klokka skal stillast ein time fram i
forhold til resten av året. Noreg er gjennom EØS-avtalen knytt opp til EU sitt
regelverk på dette området. Les meir i forskrift om sommertid .

Sommartida tek slutt kl. 03.00 siste søndag i oktober. Då skal klokka stillast ein time
tilbake, altså frå 03.00 til 02.00.

Har du problem med å hugse kva veg klokka skal stillast? Ein god hugseregel - klokka
skal alltid stillast mot næraste sommar.

Gå til toppen

Samliv.

Kvar finn eg skjema for sambuarerklæring?

Skjema for sambuarerklæring og avtale om foreldreansvar finn du på nettsidene til
Barne- og likestillingsdepartementet.

Kvar finn eg søknadsskjema for separasjon og skilsmisse?

Du finn søknadsskjema for separasjon og skilsmisse i Statleg blankettarkiv. 
Fylkesmannen i fylket ditt har også skjemaet, og her kan du få nærare informasjon. Det
er Fylkesmannen som innvilgar søknaden.

Les meir i brosjyren Separasjon og skilsmisse.

Kvar kan eg finne forslag til sambuarkontrakt?

På Internett ligg det fleire forslag til korleis ein sambuarkontrakt kan bli utforma. 
Jusshjelpa i Nord-Noreg har laga denne sambuarkontrakten. Andre forslag til
sambuarkontraktar finn du på Internett ved hjelp av ein søkemotor.

Det er inga generell likebehandling av sambuarar og ektepar i lovverket. Sambuarar blir
behandla som ektefellar på enkelte område og som einslege på andre.

Sambuarar må skrive testament dersom dei skal arve kvarandre. Forslag til utforming av 
gjensidig testament finn du på nettsidene til JURK (Juridisk rådgivning for kvinner)
eller ved hjelp av ein søkemotor.

På nettsidene til Barne- og likestillingsdepartementet kan du finne informasjon om
sambuarar, økonomiske forhold mellom sambuarar, rettar og plikter for sambuarar med
barn m.m.

Kvar kan eg få kopi av vigselsattesten min?

Dersom du treng kopi av sjølve attesten, skal du ta kontakt med den som skreiv ut
attesten. Det kan vere kyrkjekontoret i kommunen , byfuten, tingretten eller andre
trus- og livssynssamfunn.

Dersom du treng ei stadfesting av at du er gift, kan du få det frå folkeregisteret som
er ein del av skattekontoret .

Kvar finn eg kontaktinformasjon til familiekontoret?

Dersom du er busett i Oslo, kan du finne ut kva familiekontor du høyrer til under ved å
sjå i denne oversikta frå fylkesmannen.no.

Er du busett andre stader i landet, kan du søke i denne lista frå bufdir.no.

Eg skal gifte meg i Noreg med ein utanlandsk statsborgar. Kva dokument treng vi?

Alle som vil gifte seg i Noreg, må ha lovleg opphald i landet. Informasjon om
opphaldsløyve og kva som er lovleg opphald, finn du på nettsidene til UDI .

Når føremålet med opphaldet i Noreg er å gifte seg, kan ein søkje om
'forlovedetillatelse'. 'Forlovedetillatelse' er eit mellombels opphaldsløyve på seks
månader. Søknaden må som hovudregel sendast frå heimlandet til søkaren. Les meir om
'forlovedetillatelse' her .

Utanlandske statsborgarar må på lik linje med norske statsborgarar fylle ut 'Erklæring
frå brudefolka før prøving av ekteskapsvilkåra' (Q-150). I tillegg skal forlovarane
fylle ut 'Forlovarerklæring' (Q-151). Alle skjema ligg her.

Utanlandske statsborgarar må i tillegg ha 'Attest til bruk for ekteskapsinngåing etter
utanlandsk rett'. Denne attesten får ein frå styresmaktene i heimlandet, og han skal
vise at det ikkje er noko som hindrar ein frå å gifte seg i Noreg. På engelsk heiter
attesten 'Certificate of no impediment to marriage'. Hovudreglen for godkjenning av
dokument frå land utanfor Norden er at originaldokumentet må vere påført apostille
eller være legalisert .

De finn utfyllande informasjon på nettsidene til skatteetaten.

Alle skjema og attestar skal leverast til folkeregisteret ved skattekontoret .

Sjå også Noreg.no si temaside om ekteskap .

Vi er to utanlandske statsborgarar som ønskjer å gifte oss i Noreg. Korleis går vi
fram?

Alle som vil gifte seg i Noreg, må ha lovleg opphald i landet. Informasjon om
opphaldsløyve og kva som er lovleg opphald, finn de på nettsidene til UDI .

Utanlandske statsborgarar som skal gifte seg for norske styresmakter, dvs. etter norske
lover og reglar, må på lik linje med norske statsborgarar fylle ut 'Erklæring frå
brudefolka før prøving av ekteskapsvilkåra' (Q-150). I tillegg skal forlovarane fylle
ut 'Forlovarerklæring' (Q-151). Alle skjema ligg her.

Begge må leggje ved fødselsattest som må vere påført apostille eller legalisering .
Dersom attesten er på eit anna språk enn engelsk, må det liggje føre ei omsetjing til
engelsk eller norsk, utført av ein statsautorisert translatør. Dersom attesten er
omsett i utlandet, må også omsetjinga vere påført apostille eller legalisering.

Utanlandske statsborgarar må i tillegg ha 'Attest til bruk for ekteskapsinngåing etter
utanlandsk rett'. Denne attesten får ein frå styresmaktene i heimlandet, og han skal
vise at det ikkje er noko som hindrar ein frå å gifte seg i Noreg. På engelsk heiter
attesten 'Certificate of no impediment to marriage'. Hovudreglen for godkjenning av
dokument frå land utanfor Norden er at originaldokumentet må vere påført apostille
eller vere legalisert.

Dersom ein eller begge har vore gifte eller vore part i eit registrert partnarskap
tidlegare, må skilsmissa først godgjennast av Fylkesmannen .

Alle skjema og attestar skal sendast til Skatt nord Hammerfest, Personregisteret ,
Postboks 6310, 9293 Tromsø.

Etter at personregisteret har motteke og behandla erklæringane, skriv dei ut ein
prøvingsattest. Prøvingsattesten seier mellom anna at de er dei personane som de gjev
dykk ut for å vere, at de er over 18 år og at de ikkje er gifte frå før.

Nordiske borgarar kan bli prøvde i heimlandet. Dei sender berre prøvingsattesten og ei
stadfesta utskrift frå folkeregisteret eller ein stadfesta kopi av passet til
personregisteret, som så skriv ut ein norsk prøvingsattest.

Prøvingsattesten skal leggjast fram for den som skal vie dykk. Den endelege
vigselsattesten tilsendt frå personregisteret etter vigsla.

Ta kontakt med landet dykkar sin ambassade i Noreg for å få vite kva krav som blir
stilt til vigselsattesten for at ekteskapet kan bli godkjent i heimlandet dykkar. Det
kan til dømes vere krav om at vigselsattesten må vere påført apostille eller
legalisering frå norske myndigheiter eller at han må vere omsett av ein offentleg
godkjent translatør .

Sjå også Noreg.no si temaside om ekteskap .

Vi har gifta oss i utlandet for utanlandsk myndigheit. Korleis får vi registrert
ekteskapet i Noreg?

Dei som giftar seg i utlandet må sjølve melde frå til folkeregisteret (skattekontoret)
og vise fram vigselsattest eller prov på at ekteskapet er inngått.

Vigselattesten må leggjast fram i original og vere påført apostille eller legalisering
frå det landet der ekteskapet er inngått.

Dersom vigselattesten er på eit anna språk enn engelsk eller eit av dei nordiske
språka, må ein sjølv ta med ei oversetting utført av offentleg godkjent translatør.

Dersom folkeregisteret finn at ekteskapet er gyldig etter norsk lov, blir ekteskapet
registrert.

Vi skal gifte oss. Kva dokument treng vi?

Brudefolka må fylle ut 'Erklæring frå brudefolka før prøving av ekteskapsvilkåra'
(Q-0150).

Forlovarane må fylle ut 'Forlovarerklæring' (Q-0151).

Dersom ein eller begge har vore gifte eller vore part i eit registrert partnarskap
tidlegare, må vedkommande fylle ut 'Erklæring om skifte' (Q-0160). Dersom det er mindre
enn to år sidan siste ekteskap eller partnarskap vart oppløyst, blir det kravd
erklæring frå tidlegere ektefelle/partnar eller arvingar.

Ønskjer de å skifte namn i samband med viglsa, sender de inn skjemaet 'Melding om
endring av namn'. Alle skjema ligg her .

Utfylte skjema skal sendast til skattekontoret (folkeregisteret er ein del av
skattekontoret) .

Etter at skattekontoret har motteke og behandla erklæringane, skriv dei ut ein
prøvingsattest. Prøvingsattesten seier mellom anna at de er dei personane som de gjev
dykk ut for å vere, at de er over 18 år og at de ikkje er gifte frå før.

Prøvingsattesten skal leggjast fram for den som skal vigsle dykk. Etter vigsla får de
den endelege vigselsattesten tilsendt frå skattekontoret.

Du finn utfyllande informasjon på nettsidene til skatteetaten.

Vi ønskjer å gifte oss ved ein norsk ambassade. Korleis går vi fram?

Eit par kan bli vigd ved ein norsk utanriksstasjon når minst ein av brudefolka er norsk
statsborgar. Ingen av brudefolka kan vere borgar av det landet der utanriksstasjonen
ligg. Ta kontakt med den aktuelle utanriksstasjonen i god tid for å avtale tidspunkt og
leggje fram prøvingsattesten.

For å få prøvingsattest må brudefolket fylle ut eigenerklæringar (Q-0150). Forlovarane
må fylle ut erklæringar om dei som gifter seg (Q-0151).

Den som har vore gift eller vore part i eit registrert partnarskap, må fylle ut
'Erklæring om skifte' (Q-0160). Dersom det er mindre enn to år sidan siste ekteskap
eller partnarskap vart oppløyst, blir det kravd erklæring frå tidlegare ektefelle/
partnar eller arvingar.

Ønskjer de å skifte namn i samband med vigsla, sender de inn skjemaet 'Melding om
endring av navn'. Alle skjema ligg her.

Send utfylte skjema til skattekontoret (folkeregisteret er ein del av skattekontoret).

Når skattekontoret har behandla erklæringane, kan dei skrive ut ein prøvingsattest.
Prøvingsattesten er ein dokumentasjon på at vilkåra for å inngå ekteskap er oppfylte.
Prøvingsattesten får de tilsendt.

På landsidene til Utanriksdepartementet finn de meir informasjon om korleis ein skal gå
fram for å gifte seg ved ein norsk utanriksstasjon . Der finn de også ei oversikt over
norske utanriksstasjonar med fullmakt til å vigsle.

Sjå også Noreg.no si temaside om ekteskap.

Gå til toppen

Skattar og avgifter.

Kva er skilnaden på avgift og gebyr?

Avgifter er indirekte skattar som vert lagde på innanlandsk omsetning og import av
varer og tenester. Ei avgift kan vere generell slik som meirverdiavgifta, eller den kan
gjelde berre visse varer og tenester, såkalla særavgifter.

Når ein betalar ein indirekte skatt (avgift), har ein ikkje nokon direkte rett til
motyting i form av ei bestemt vare eller teneste. Dette til skilnad frå eit gebyr, som
er ei betaling for ei offentleg eller privat utført teneste. For offentlege tenester er
det normalt ein føresetnad at inntektene frå gebyra ikkje skal overstige kostnaden ved
å yte tenesta.

Kva er fristen for å levere sjølvmeldinga for lønnstakarar og pensjonistar?

For lønnstakarar og pensjonistar er fristen for å levere sjølvmeldinga 30. april . Du
kan levere sjølvmeldinga via nettsidene til skatteetaten , via Miside eller i
papirform. Du kan levere sjølvmeldinga elektronisk frå tidlegast 24. mars 2009.

Dersom du ikkje har endringar eller tillegg til den førehandsutfylte sjølvmeldinga, kan
du sleppe å levere sjølvmeldinga. Denne ordninga er ny frå i fjor.

Du finn meir informasjon om datoar og fristar i skattekalender for lønnstakarar og
pensjonistar på nettsidene til skatteetaten.

Kva er satsane for meirverdiavgift?

Meirverdiavgift (moms, mva.) skal betalast ved omsetning av dei fleste varer og
tenester. Satsen er generelt 25 prosent. Satsen for omsetning av mat- og drikkevarer er
14 prosent. For kinobillettar, persontransport og kringkastingsavgift er satsen 8
prosent. Du finn meir informasjon om meirverdiavgift på nettsidene til skatteetaten.

Eg arbeider ikkje i Noreg lenger. Kvifor får eg tilsendt skattekort?

Grunnen til at du framleis får tilsendt skattekort er truleg at arbeidsgjevar har
gløymt å gje skatteetaten melding om at arbeidsforholdet er avslutta. Ta kontakt med
den tidlegare arbeidsgjevaren din for å undersøke om han har sendt inn skjemaet
RF-1198. Det er det same skjemaet som blir brukt ved tilsetjing av utanlandske
arbeidstakarar. Du kan også kontakte Sentralskattekontoret for utanlandssaker . Les
meir om rapportering av utanlandske arbeidstakarar på Altinn.

Kan eg sleppe å levere sjølvmeldinga?

Lønnstakarar og pensjonistar som ikkje har endringar eller tillegg til den
førehandsutfylte sjølvmeldinga, slepp å levere ho. Les meir om fritak for å levere
sjølvmeldinga på nettsidene til skatteetaten.

Kvar finn eg ei oversikt over satsane for årsavgift?

Du finn ei oversikt over satsane for årsavgift i 2009 på nettsidene til Tollvesenet.

Korleis søkjer eg om utsetjing av innlevering av sjølvmeldinga?

Du kan ta kontakt med skattekontoret på telefonnummer 800 80 000. Tast 1 og forklar
situasjonen.

For den enkelte skattyteren, selskapet og næringsdrivande som har PIN-kode, er det
mogleg å gå inn via Altinn og søkje elektronisk om 14 dagars utsetjing av innlevering
av sjølvmeldinga. Gå til skjema for privatpersonar eller skjema for næringsdrivande .

Kvar kan eg tipse om skattesnusk?

Du kan formidle tips og opplysningar til skattekontoret . Slike tips kan du gje 
skriftleg eller på telefon 800 80 000. Tipsa kan godt vere anonyme. Det viktige er at
tipset inneheld så konkrete opplysningar at skattekontoret har grunnlag for å undersøke
saka nærmare.

Må eg betale toll av gåver eg får frå utlandet via posten?

Sendingar frå utlandet med gåver mellom privatpersonar er toll- og avgiftsfrie så lenge
verdien av sendinga er under 1000 kr. Men sendingar med restriksjonar eller særavgifter
(til dømes tobakksvarer eller alkoholhaldige drikkevarer) må fortollast 
på vanleg måte.

For varer frå utlandet er grensa for toll- og avgiftsfritak 200 kr.

Les meir om fortolling av sendingar til privatpersonar på nettsidene til Posten.

Må eg betale toll av varer eg har kjøpt frå utlandet via Internett?

Sendingar fra utlandet med vareverdi inntil 200 kr er toll- og avgiftsfrie med visse
unntak. Frakt for vara kan komme i tillegg. Bøker, uansett verdi, kan importerast toll-
og avgiftsfritt av privatpersonar så lenge dei er til eige bruk.

Alle varesendingar med vareverdi på over 200 kr må fortollast ved import. Det vil seie
at det alltid må betalast meirverdiavgift (moms), medan dei fleste varegruppene er
tollfrie, som t.d. elektriske og elektroniske artiklar, cd- og dvd-plater. Klede er det
derimot toll på. Toll og avgifter blir rekna ut frå verdien til vara inkludert frakt-
og eventuelle forsikringskostnader.

Varer mellom 200 og 1000 kr som det ikkje blir kravd særavgifter eller spesielle løyve
for å importere, kan du fortolle sjølv via nettsidene til Tollvesenet eller ved å møte
opp hos Tollvesenet. Du kan også fortolle vara på Posten .

Kostar vara over 1000 kr, må ho fortollast anten hos firmaet som transporterer eller
mottek vara i Noreg (speditøren), eller ved at du møter opp hos Tollvesenet. Varer over
1000 kroner kan ikkje fortollast på Toll.no.

Du finn meir informasjon om fortolling på Toll.no.

Når kjem skatteoppgjeret?

Dei fleste lønstakarar og pensjonistar får skatteoppgjeret i juni. Skatteoppgjeret er i
2009 klart 22. juni, og har du pengar til gode, blir dei utbetalte kort tid etter.

Ein del skatteytarar samt næringsdrivande og selskap får skatteoppgjeret 21. oktober.

Les meir om skatteoppgjeret på nettsidene til skatteetaten. Der finn du også
skattekalender for lønnstakarar og pensjonistar med informasjon om datoar og fristar,
og eit enkelt program for skatteutrekning på nettet.

Gå til toppen

Skule og utdanning.

Kvar finn eg adresser til skular og barnehagar?

Adresser til barnehagar, grunnskular og andre skuleslag finn du på Pedlex Norsk
Skoleinformasjon

Kvar finn eg ei oversikt over norske skular i utlandet?

Fylkesmannen i Oslo og Akershus har tilsyn med norske skular i utlandet, og du finn ei
oversikt over skulane på Fylkesmannen sine nettsider. Ver også merksam på nettstaden 
Globalskolen.no som mellom anna gjev nettbasert opplæring i norsk, 
samfunnsfag og RLE.

Kvar får eg tak i ein godkjent translatør?

På nettsidene til Statsautoriserte translatørers forening kan du søkje etter godkjende
translatørar. Dei fleste translatørane er autoriserte i eitt språk, men til saman kan
medlemmene i foreininga omsetje til 20 språk.

Kvar kan eg få rettkjende kopiar av vitnemål og attestar?

Rettkjende kopiar skal vere stempla og signerte av eit kopieringsbyrå eller tilsett ved
eit offentleg kontor (skule, kommunalt kontor, politikammer osb). Stempelet skal vise
kvar kopien er rettkjend. Ver merksam på at offentlege kontor ikkje er pålagde å utføre
denne oppgåva. I samband med jobbsøknader kan ei alternativ løysing vere å sende
vanlege kopiar med søknaden og ta originalane med til eit eventuelt intervju. Gjeld det
opptak til utdanning, finn du utfyllande informasjon på nettsidene til 
Samordna opptak.

Kvar kan eg få ei oversikt over legat og stipend?

Legathandboka inneheld ei oversikt over legat, stipend og andre støtteordningar for
utdanning, forsking, idrett, kultur m.m. Du finn Legathåndboka gratis på nettet, eller
til sals i bokform. Du finn også informasjon om legat på legatsiden.no. Informasjon om
ordningane til Statens lånekasse finn du her .

Vi bur utanlands. Finst det tilbod om norskundervisning for barn på nettet?

Nettstaden Globalskolen.no gjev nettbasert opplæring i mellom anna norsk, samfunnsfag
og religion, livsyn og etikk (RLE) i første til tiande årstrinn.

Elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskular i Noreg eller utlandet kan få
statsstøtte til kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag, og kristendoms-,
religions- og livsynskunnskap. Du finn informasjon og søknadsskjema på nettsidene til
Fylkesmannen i Oslo og Akershus. Der finn du også ei oversikt over norske skular i
utlandet .

Gå til toppen

Trafikant.

Eg har utanlandsk førarkort. Er dette gyldig i Noreg?

Det er ulike reglar for dei som har førarkort frå land i EØS-området og dei med
førarkort skrive ut utanfor dette området. På nettsidene til Statens vegvesen kan du l
ese meir om innbyte av utanlandsk førarkort og om vilkåra for bruk av utanlandsk
førarkort i Noreg . Kontakt den lokale trafikkstasjonen dersom du ønskjer meir
informasjon.

Finst det ei oversikt over bomstasjonar og ferjestrekningar?

Du finn ei oversikt over bomvegselskap og ferjestrekningar som har teke i bruk
autopass-systemet på nettstaden www.autopass.no. Andre bompengeanlegg og
ferjestrekningar finn du ved å søkje på den enkelte vegstrekningen på nettstaden 
visveg.no .

Det er til saman 47 bompengeanlegg her i landet, og 24 av dei er med i
autopass-samarbeidet. Alle nye anlegg skal ha autopass. Av ferjestrekningane er det
berre åtte som har autopass. Det er Statens vegvesen som har ansvaret for
autopass-ordninga.

På autopass.no finn du også informasjon om takstar m.m. Informasjon om rutetider for
buss, ferje og andre transportmiddel får du via nettstaden eller telefon til 
Ruteopplysningen 177.

Kvar er det vorte av Biltilsynet?

"Biltilsynet" har skifta namn til trafikkstasjon. Stadnamnet står først, som til dømes
Odda trafikkstasjon. På www.noreg.no kan du finne den lokale trafikkstasjonen din .

Namneendringa frå "Biltilsynet" til trafikkstasjon skjedde i 1995.

Kvar finn eg informasjon om bompengeanlegga i Noreg?

Du finn oversikt over bompengeanlegg på nettsidene til Norvegfinans. Her finn du også
takstar og kontaktinformasjon til dei ulike bompengeanlegga.

Informasjon om det norske systemet for elektronisk betaling av bompengar finn du på 
Autopass.no

Eg vil klage på ei parkeringsbot. Korleis går eg fram?

Lovverket skil mellom offentleg og privat parkeringsverksemd.

Dersom du er ilagt gebyr frå eit offentleg parkeringsselskap, sender du klage til den 
kommunen som har gjeve gebyret. Er gebyret skrive ut på blankettar fra Statens
innkrevjingssentral, skal du sende klage til politiet på staden. Får du ikkje medhald i
klaga, kan du bringe saka inn for tingretten. Les meir i forskrifta som regulerer
offentleg parkeringsverksemd.

Er du ilagt bot av eit privat parkeringsselskap, sender du klage til 
Parkeringsklagenemnda. På forbrukerportalen.no finn du informasjon om regelverket og om
korleis du kan klage. Der finn du også klagerettleiaren som gjev deg hjelp til å skrive
klagebrev.

Det er Forbrukarrådet som i samarbeid med Forbrukarombodet og bransjeorganisasjonane
til parkeringsselskapa har utarbeidd reglar for private parkeringsselskap.
Parkeringsklagenemnda behandlar klager knytta til brot på dette regelverket, men berre
klager på gebyr som er skrive ut av parkeringsverksemder som er medlemmer i Norpark
eller Parkinor. På forbrukerportalen.no finn du ei oversikt over parkeringsselskap som
er medlemmer .

Klagebehandlinga i nemnda er gratis.

Gå til toppen

Trafikk.

Kvar er det vorte av Biltilsynet?

"Biltilsynet" har skifta namn til trafikkstasjon. Stadnamnet står først, som til dømes
Odda trafikkstasjon. På www.noreg.no kan du finne den lokale trafikkstasjonen din .

Namneendringa frå "Biltilsynet" til trafikkstasjon skjedde i 1995.

Gå til toppen

Val.

Kva er datoen for stortingsvalet i 2009?

Valdagen ved stortingsvalet og sametingsvalet 2009 er fastsett til måndag 14. september
2009. Kommunar som ønskjer det kan òg halde val søndag 13. september.

Gå til toppen

Vidaregåande opplæring.

Kven har plikt til å melde flytting?

Alle som flyttar innan kommunen, mellom norske kommunar, eller til Noreg frå utlandet
eller til utlandet, pliktar å gje melding til folkeregisteret. Folkeregisteret er ein
del av skattekontoret. Alle i familien eller husstanden må melde flytting.

Det gjeld spesielle reglar mellom anna for skuleelevar, studentar, vernepliktige og
einslege pendlarar. Ta kontakt med skattekontoret for å få informasjon.

Flyttar du frå Noreg til eit anna nordisk land , skal du melde dette direkte til
folkeregistermyndigheitene i innflyttingslandet. Du treng ikkje lenger melde utflytting
til det norske folkeregisteret.

Alle som stiller husværet sitt til disposisjon for andre, skal melde frå om dei som
flytter til eller frå husværet. Dersom du har forsikra deg om at den som flytter sjølv
har levert flyttemelding, treng du ikkje melde frå.

Du finn meir informasjon om å melde flytting på nettsidene til skatteetaten. Der finn
du også skjema og lenkje til levering av flyttemelding på nett .

Kvar finn eg adresser til skular og barnehagar?

Adresser til barnehagar, grunnskular og andre skuleslag finn du på Pedlex Norsk
Skoleinformasjon

Kvar finn eg ei oversikt over norske skular i utlandet?

Fylkesmannen i Oslo og Akershus har tilsyn med norske skular i utlandet, og du finn ei
oversikt over skulane på Fylkesmannen sine nettsider. Ver også merksam på nettstaden 
Globalskolen.no som mellom anna gjev nettbasert opplæring i norsk, 
samfunnsfag og RLE.

Gå til toppen

Vaksenopplæring.

Har eg rett til vaksenopplæring? Korleis går eg fram?

Er du over 16 år og treng grunnskuleopplæring, har du rett til gratis undervisning.
Retten gjeld sjølv om du har fullført grunnskulen tidligare. Retten gjeld norske
statsborgarar så vel som innvandrarar og flyktningar.

Er du fødd før 1. januar 1978 og ikkje tidligere har fullført vidaregående skule, har
du rett til vidaregåande opplæring som er spesielt lagt til rette for deg. Opplæringa
kan føre fram til studiekompetanse eller yrkeskompetanse.

Gå til toppen

Økonomiske ytingar.

Har eg rett til bustønad og når er fristen for å søkje?

Du kan søkje om bustønad dersom husstanden din har låge inntekter og høge buutgifter.
På nettsidene til Husbanken finn du informasjon om bustønadsordninga , og du kan rekne
ut kor stor bustønaden vert . Du finn også informasjon om tilskot og lån til bustad- og
bygningsrelaterte føremål frå Husbanken.

Fristen for å søkje om bustønad er den 14. i kvar månad. Utbetalinga skjer den 10. i
den etterfølgjande månaden.

Søknad om bustønad skal sendast til sosialkontoret (ev. bustønadskontoret) i kommunen 
din. I Oslo sender du søknaden til bydelen din. Du kan sende søknaden via Internett
eller skrive ut søknadsskjema frå nettsidene til Husbanken.

Korleis klagar eg på eit avslag på bustønad?

Klage på avslag på søknad om bustønad skal du sende til bustønadskontoret i kommunen
din. Fristen er 3 veker frå den dagen du fekk vedtaket. Saksbehandlaren din i kommunen
kan hjelpe deg å klage.

På nettsidene til Husbanken finn du meir informasjon om klage på bustønadsvedtak .

Korleis klagar eg på eit avslag på sosialhjelp?

Klage på eit avslag på søknad om sosialhjelp skal du sende til kommunen som har avslege
søknaden. Du kan også klage dersom kommunen berre delvis har innvilga søknaden eller
stetta søknaden på ein annan måte enn det du ønskte.

Kommunen skal alltid grunngi avslaget, mellom anna med kva fakta som kommunen meiner
var avgjerande for at søknaden vart avslegen.

På nettsidene til Statens helsetilsyn finn du informasjon om kva som skal takast med i
klaga og korleis du kan klage vidare dersom kommunen ikkje endrar vedtaket.

Kvar finn eg dei rettleiande sosialhjelpssatsane?

Du finn dei statlege rettleiande sosialhjelpssatsane på nettsidene til Arbeids- og
inkluderingsdepartementet. Dei rettleiande retningslinjene omfattar utgifter til det
vanlege, daglege livsopphaldet. Buutgifter, straum og oppvarming er ikkje tekne med.
Dersom du ønskjer å få dekt også desse utgiftene, må du ta det opp med sosialtenesta.

Sosialtenesta har både rett og plikt til å utøve skjønn når ho vurderer om det skal
ytast stønad, og ved fastsetjing av kor stor stønaden skal vere.

Kvar kan eg finne satsane for livsopphald under gjeldsordning?

Dei rettleiande livsopphaldssatsane for skuldnarar under gjeldsordning
(gjeldsordningssatsar) som gjeld frå 1. juli 2009, finn du i eit rundskriv frå Barne-
og familiedepartementet. Satsane blir brukte under gjeldsordning, og dei er rettleiande
med omsyn til kva dei ulike hushaldningane bør ha att til å dekkje alminnelege
forbruksutgifter. Stortinget har vedteke at gjeldsordningssatsane bør tilsvare 85 % av
minstepensjonen. Satsane blir justerte 1. juli kvart år. Dei justerte satsane gjeld
berre for nye saker og i saker der dette er avtalt.

På nettsidene til Barne- og familiedepartementet kan du lese meir om gjeldsordning og
gjeldsrådgjeving . Namsmannen kan gje nærmare opplysningar om ordninga.

Gå til toppen

Direktoratet for forvaltning og IKT  |  Service-erklæring |  Kontakt oss! |  Om
Noreg.no



